Bok

Vennskap på liv og død

Antal Szerbs Reise i måneskinn er eit funn, også i dag, 84 år etter.

Antal Szerb (1901–1945) var forfattar, omsetjar og professor i litteraturhistorie.
Antal Szerb (1901–1945) var forfattar, omsetjar og professor i litteraturhistorie.
Publisert

I 2018 starta Cappelen Damm prosjektet «Oversatte mesterverk», og no er dei tre første bøkene på plass, alle utgitte for over 70 og 80 år sidan. Ungarske og jødiske Antal Szerb med romanen Reise i måneskinn er den eine, utgitt i 1937 og etter kvart med klassikarstatus i Europa. Det er merkeleg at norske forlag ikkje har fanga opp denne romanen før no.

Det startar som ei bryllaupsreise til Italia. Mihály og Erzsi skal oppleve landskapet og byane, kunsten, arkitekturen og kulturen som turistar, men det skjer seg nokså fort når Mihály blir oppsøkt av János, ein gammal skolekamerat og venn frå ungdommen. Dei har ikkje hatt kontakt på 15 år etter at vennegjengen gjekk i oppløysing, og alle søkte kvar til sitt. No blir Mihály heimsøkt av sin eigen ungdom, og han er tilbake i Ulpius-huset i Budapest saman med tvillingane Támas og Éva Ulpius, János og jødiske Ervin.

Ungdomsopprør

Dei kjem alle frå borgarlege og konvensjonelle miljø, der det er forventa at dei skal inn i familiefirma eller gifte seg til høveleg rikdom. Det er dette ungdomsopprøret mot konvensjonane og stivna borgarlege tradisjonar dei praktiserer på sin eigen måte gjennom leik, teater og opplesingar, der Éva Ulpius er det erotiske midtpunktet i eit svermeri kring død og undergang med islett av homoerotiske og incestuøse tilnærmingar, og der sjølvmordet også er ein mogleg utgang.

Samtidig har dei ei dragning mot det åndelege i form av kunst og litteratur, men også i form av religion og religionshistorie; jødiske Ervin konverterer til katolisismen og Mihály studerer religionshistorie, før han hoppar av og går inn i familiefirmaet og tilbake i det borgarlege livet han mistrivst sånn med.

Det dei inst inne vil, er å stanse tida og bli tidlause, dei vil halde fram med å vere unge og søkande, dei vil halde lengten mot det umoglege i live og finne ei lomme i tida der alt blir bevart som før. Dei lever i intense og svermeriske vennskap mot ein bakgrunn av dekadanse og «akutt nostalgi».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement