Ven og giftig kjærleikDiktdebutant Jonathan August skriv sanseleg og forlokkande.DiktJonathan August
Diktdebutant Jonathan August Lengali skriv sanseleg og forlokkande.
Jonathan August Lengali debuterer med dikt.
Foto: Pernille Marie Walvik
I diktdebuten Jonathan og Sailor j. vert ein presentert for ei ven, men også destruktiv og vond kjærleikshistorie mellom to unge menn. Forteljinga, om ein vågar seg til å kalle dei fragmentarisk dikta det, faldar seg ut i samspel med naturbilete, mytologiske førestillingar og eit sanseleg og eksplisitt språk. Somme av dikta vert her og der krydra med engelskspråklege sitat frå samtidspoplåtar.
Natur
Naturen er både spegel, ideal og tidvis motstandar. Sjølv om hovudpersonen Jonathan er vend mot naturen og omtalar seg som «solens sønn» og «graver vekk jord, for å komme til jord», er det som om menneskekroppen fell inn i natursamanhengen og samstundes står ut frå han. Ein støyter ofte på ordet barn, og Jonathan freistar å halde på ein paradis- og uskuldstilstand, i naturen, som menneske og i kjærleikslivet.
Blandinga av det forlokkande og farlege, som seksualiteten og kjærleiksforholdet representerer, vert introdusert tidleg i boka med tystbasten, den giftige og vene planten med raude bær. Dramatisk vekslar det mellom venleik og vondskap, uskuld og skam, nærleik og fråstand, jord og himmel, noko som gjev dikta eit sterkt ekspressivt uttrykk.
Sjølv om kjærleiken slynger Jonathan inn mot eit sentrum, finst ei anna kraft som framfor alt kjem til uttrykk i den fragmenterte stilen, som gir tydeleg signal om øydelegginga som skjer.
Krefter
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.