Vellukka skapingsmyte BarnebokKaia Dahle NyhusVerden sa ja! Cappelen Damm Omslaget har ei vakker tolking av livshjulet, slik vi kjenner det frå buddhismen og mayakalenderen. Innsidepermen er dekt av tallause amøbar på
Omslaget har ei vakker tolking av livshjulet, slik vi kjenner det frå buddhismen og mayakalenderen. Innsidepermen er dekt av tallause amøbar på havblå bakgrunn. Som vaksen lesar er du varsla: Tru og teori utelukkar ikkje kvarandre i denne boka.
Ei barnleg forteljarstemme ramsar opp, gjentek og forenklar, som ei imitering av korleis ein unge kunne ha ordlagt seg. Dette er originalt og vellukka. Den vesle lesaren vil kjenne seg att, historia vert lettare å hugse og fortelje vidare, i sandkassen eller kring middagsbordet.
Verden sa ja! anerkjenner barnet som forteljar, men den vaksne som les vil sjå samfunnskritikken mellom linene. Generasjonen vår dreg berre lett på skuldrene og seier «huff», medan vi øydelegg den verda vi har.
Til slutt bit boka seg sjølv i halen, som ormen kring Midgard. Verda seier ja, på nytt. Kanskje til ein annan klode og ei ny verd? Framstillinga av dyr og menneske gjev assosiasjonar til skapningar på andre planetar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.