Musikk
Vellukka sjangerblanding
På loftet i teltet til Tellef skjer det mykje.
Tellef Kvifte (nr. 2 frå venstre) har med seg Åsmund Reistad, Magnus Wiik og Knut Kvifte Nesheim i kvartetten.
Pressefoto
Tellef Kvifte har sidan 70-talet vore ein sentral person i det norske folkemusikkmiljøet. Som utøvar er han multiinstrumentalist, og han er særleg kjend for å ta i bruk relativt ukjende instrument som sjøfløyte, sekkepipe, og taragot – som er eit austeuropeisk saksofonliknande instrument.
Saman med Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid var han medlem av folkemusikkgruppa Slinkombas, han var sentral under etableringa av Chateu Neuf spelemannslag, og han har dessutan drive med meir eksperimentell musikk.
Ikkje på latsida
Som akademikar har han gjort ein formidabel innsats ved Norsk folkemusikksamling og hatt professorat ved fleire av universiteta og høgskulane våre. Nå har han pensjonert seg frå dette arbeidet, men ligg ikkje på latsida, og har nyleg gjeve ut fagboka Folkemusikkens musikkteorier.
Dette er den andre plata frå ein kvartett der Kviftes taragot har hovudrolla, i samspel med ordinært trommesett, bass og akustisk gitar. Det melodiske materialet er ein kombinasjon av norsk og irsk tradisjonsmusikk og eigne komposisjonar.
Blanding som fungerer
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.