Musikk

Velkomen til Polgras

The Golden Dregs inviterer deg til ein by som ikkje finst.

Mannen bak The Golden Dregs er Benjamin Woods.
Mannen bak The Golden Dregs er Benjamin Woods.
Publisert

Er du av slaget som framleis møter ny musikk i form av eit nytt objekt? Likar du endåtil å brette ut universet som skjuler seg bak vinylplatene si innpakning, og oppdage ei ny verd bit for bit?

I så fall vil du finne ein slåande inngang til On Grace & Dignity, den nye utgivinga frå The Golden Dregs. Benjamin Woods, som skjuler seg bak bandnamnet, fekk den Bristol-baserte kunstnaren Edie Lawrence til å konstruere ein modell av Polgras, ein fiktiv by i Cornwall, og det er denne som pryder omslaget til albumet.

Scener frå ein by

Kvar song på On Grace & Dignity spelar seg nemleg ut i scener du kan finne att i Lawrences store, detaljrike miniatyr. I singlane som kjem frå albumet, zoomar vi inn i desse scenene på omslaga. Fikst!

Autentisiteten er det ikkje noko å seie på, for Woods kjem frå Cornwall, eit område i sørvest England fleire vil kjenne for ferieturisme, men der det også finst ei anna verd bak fasadane, slik tilfellet jo ofte er med slike stader.

Då pandemien slo inn med full tyngde vinteren 2020, mista Woods jobben under nedstenginga, og han flytta frå London og heim til huset til foreldra. Der var det lenge håplaust å finne inntektsbringande arbeid, før han til slutt slapp til på ein forsarva byggeplass i den slitnaste utkanten av administrasjonsbyen Truro.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement