Teater
Velhalden klassikar, velhaldne aktørar
Veteranane Osa og Tindberg illuderer frapperande som unge elskande.
Liv Bernhoft Osa og Svein Tindberg gjer Romeo og Julie om att, 37 og eit halvt år etter førre gongen.
Foto: Det Norske Teateret
Romeo og Julie er tydeleg eit av yndlingsstykka i det norske teaterrepertoaret. Framsyninga som no har hatt premiere på Det Norske Teatret, er den fjerde versjonen denne meldaren vurderer, på ganske få år. Denne gongen er hendinga annonsert som avskilsframsyning for Svein Tindberg, som like før alderspensjonen skal gjere Romeo om att, 37 og eit halvt år etter førre gongen, med same Julie som den gongen, Liv Bernhoft Osa.
Det fyrste ein kan tenke er: Var det ikkje i gamle dagar ein gjorde slikt? For eit par generasjonar sidan godtok publikum Noraer og Heddaer som var nærare 60 . (Stikkord Lillebil Ibsen og Gerd Grieg.) No skal vi sjå ein Romeo på 70. Men så sanneleg, når stykket tek til, godtek vi det no òg. Kan hende skal det røynsle til å blottlegge unge kjensler overtydande.
Kyrkjelydshus
Scenerommet er denne gongen forma som eit slags kyrkjelydshus med gamaldagse benkeradar. Når skodespelarane kjem inn i byrjinga, og Romeo og Julie sit på kvar si side av midtgangen med «bønebøker» i fanget og gløttar på kvarandre, synest vi mest det ser ut som det er Synnøve Solbakken vi skal sjå i staden. Men rommet syner seg å fungere forbløffande godt, både som sakral og som verdsleg arena for hendingane. Silje Halstensens komposisjonar og framføringar gjev òg ein varm puls til den kraftfulle kjærleikshistoria, likeins dei vokale mellomstikka til Lasse Kolsrud (Mercutio).
Så lenge framsyninga er konsentrert om tittelpersonane, er dette vakkert teater. Ein del regival verkar elles likevel uforståelege og forstyrrande. Som kontrast til dei godt vaksne elskande har ein valt å la foreldregenerasjonen verte spel av ungdommelege aktørar i eruptiv spelestil. I originalteksta har både Romeo og Julie to foreldre. Her har Romeo berre ein far, som knapt kjem til orde, og Julie berre ei mor. Ho har til gjengjeld fått overta mange av dei patriarkalske replikkane til faren, herr Capulets.
Ei ungjente som påberopar seg faderleg autoritet, kan snautt bli truverdig, og det er ikkje Gina Bernhoft Gørvell si skuld. Truverdig vert heller ikkje Kirsti Stubø som amma, av di ho mest heile tida parodierer ironisk det teksten seier i fullt alvor. Den einaste unge som fungerer som vaksen, er Kenneth Homstad som munken Lorenzo. Her er det ikkje noko tull!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.