Bok
Vedunderbarnet
Michael Mauls tospråklege biografi skaper eit fasettrikt bilete av J.S. Bach og hans tid.
Musikaren i genial positur, med stikkande blikk og frisyre som ei rockestjerne. Men syner dette portrettet, måla av ein ukjend kunstnar kring år 1700, verkeleg den unge Bach?
Foto: Bach-Archiv Leipzig
Når ein arbeider med ein historisk person over mange år, blir det gjerne slik at ein føler ein kjenner han. Slik har eg det med Johann Sebastian Bach (1685–1750), som har vore del av kvardagen min som musikar og musikkforskar i snart 25 år. Eg er ikkje åleine om dette. Med jamne mellomrom, på festivalar, føredrag og konsertar, treffer eg andre kjenningar av dette mennesket som døydde for over 250 år sidan.
Dei drygt tusen komposisjonane han etterlét seg, er sjølvsagt hovudkjelda til kjennskapen. Samstundes bør ein akta seg for å oppfatta musikken som uttrykk for dei personlege kjenslene hans. Bach levde i barokken, og med sin regelbundne og symbolmetta kunst var han på sett og vis ein fullbyrdar av den matematisk funderte musikktradisjonen frå mellomalderen.
Samstundes var han ein musikalsk retorikar. Når han komponerte, greip han frå si velassorterte retoriske verktøykasse med standardiserte melodiske og harmoniske figurar som skulle vekkja kjensler i lyttaren. Den som trur at Bach var trist når han skreiv sorgsam musikk, og glad når han skeiv den muntre, overfører difor vår tids romantisk prega kunst- og kunstnarsyn på mannen. Han komponerte høvande musikk til den aktuelle samanhengen, anten det galt åremålskantatar til fyrstar eller pasjonsmusikk til langfredag. Den som greidde slikt, blei rekna som dugande kunstnar den gongen. Kva komponisten følte, brydde ingen seg om.
Eitt portrett
Bach-biografar har det ikkje lett. Reinskar me bort mytar og anekdotar og samanfattar kva me faktisk veit om mannen, syner kjeldegrunnlaget seg uvanleg tynt. Bachs ven og kollega Telemann, til dømes, skreiv personlege dikt og tre sjølvbiografiar. Bach, derimot, etterlét seg mest ingen skriftlege ytringar som gjev innblikk i det indre livet hans.
Menneska kring han skreiv òg sjeldan om han – om korleis han komponerte, musiserte, dirigerte og underviste. Og når det gjeld korleis han såg ut, eksisterer det berre eitt påliteleg portrett som heilt sikkert syner dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.