Bok

Ved vegs ende

Ingvar Ambjørnsen skriv usentimentalt om det det ikkje finst ord for.
 

Ingvar Ambjørnsen forfattardebuterte i 1976, 20 år gammal, og skreiv jamt fram til han døydde i juli i år.
Publisert Sist oppdatert

Ingvar Ambjørnsen debuterte med diktsamlinga Pepsikyss på eige forlag i 1976, og bøkene selde han på gata fram til han gav opp og kasta restopplaget. Han var 20 år. 49 år seinare avsluttar han eit eineståande og omfangsrikt forfattarskap med novellesamlinga Sorgen i St. Petri Ording. Han har sett spor etter seg som blir ståande i lang tid, litterært, men også fordi han såg dei underprivilegerte, einsame og utstøytte og gav dei ei stemme, ikkje minst gjennom bøkene og filmane om Elling.

Mellom 1988 og 2003 gav Ambjørnsen ut fire novellesamlingar: Jesus står i porten (1988), Sorte mor (1994), Natt til mørk morgen (1997) og Delvis til stede (2003). Så skulle det gå 22 år før den femte og siste kom, nokre veker etter at Ambjørnsen døydde 19. juli 2025.

I Sorgen i St. Petri Ording er sju noveller samla innanfor vel 100 tekstsider, og handlinga vekslar mellom Noreg og Tyskland, med ei tidsramme som femner Ambjørnsens eige liv frå barndom og inn i alderdom, knytt til minne og draumar der forlatne og tomme hus og hytter blir løfta inn i ei slags eksistensiell livskjensle hos forteljaren: «Jeg vet når et hus er forlatt eller ladet med menneskelig tilstedeværelse. Jeg har hatt det slik siden jeg var barn.»

Døden gonger sju

I alle novellene i samlinga er døden til stades, direkte eller indirekte. I «Rød totem» vil ein hjerneskadd gut døy om kort tid, i «Nattevakten» blir ein elg tatt av ei stri elv, i «Hærverk» sovnar to tenåringar i sengene til to som truleg nettopp har døydd, i «Ringen sluttet» hjelper forteljaren eit eldre menneske å døy, og i tittelnovella er heisen i badehotellet som forteljaren oppsøker nokre mil nord for Hamburg, i St. Peter Ording, ikkje større enn ei likkiste.

«På bunnen» utspeler seg i ei brun stamkneipe ein stad i Hamburg, og «du er ikke innenfor disse fire veggene dersom du ikke allerede har tapt» med ei kjensle av at «jeg selv står tettest i forbindelse med oppløsningen og døden».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement