Våt kveld med alligatorar

Det fløymer som vanleg over av enkel sommarspenning frå USA.

Kaya Scodelario spelar hovudrolla som symjetalentet Haley.
Kaya Scodelario spelar hovudrolla som symjetalentet Haley.
Publisert

Ein orkan treffer Florida og symjetalentet Haley (Scodelario) køyrer mot den evakuerande trafikken for å finne faren (Pepper), som ikkje tek telefonen. Ho finn han svima av og blodig i ein kjellar full av gjørme. Vatnet stig fort, og det er eit dårlig teikn at ho passerte ein alligatorfarm på vegen.

Sym for livet

Crawl er produsert av legenda Sam Raimi, så vi veit to ting. 1) Noko kjem til å koma. 2) Det vil bli blod. I førre film av regissør Alexandre Aja var det piraja som sette tennene i lettkledd ungdom. Symjetimar løner seg igjen. Faren har alltid jaga Haley fram for å bli best. Forholdet mellom dei gjev eit menneskeleg drama som kjennest overflødig, med klemmepausar, barndomsminne og pokalar. Thrilleren er mørk, men kommenterer korkje klimaendring eller statleg svikt i USA under katastrofar. Spenninga står for seg. Filmen følgjer formlar og er nøktern.

Stilglimt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement