Musikk

Vårtonar med sjangerbreidd

Tetralogien er ferdig etter 25 år.

Frode Alnæs, Arild Andersen og Stian Carstensen har fullført dei fire årstidene.
Frode Alnæs, Arild Andersen og Stian Carstensen har fullført dei fire årstidene.Frode Alnæs, Arild Andersen og Stian Carstensen har fullført dei fire årstidene.
Publisert

Jazz

Det skulle gå 25 år før trioen gjorde ferdig dei fire årstidene sine. Sommerbrisen kom i 1998, Julegløggen i 2003 og Høstløv i 2006. 17 år måtte ein venta på at tetralogien skulle bli fullført. Det kan vel tyda på at Vårslapp ikkje har stått øvst på lista over kva som må gjerast, for nokon av dei tre. 13 låtar av det absolutt mest velkjende slaget fyller plata. Den einaste originalkomposisjonen er «Soldama» av Alnæs. Låten gjer seg ikkje bort i dette knallsterke heatet.

Musikken er upretensiøs, men aldri lettvint eller overflatisk. Dei tre musikarane har tydelegvis hatt det kjekt i Rainbow studio i vinter. Aller best er dei tre når arrangementa ikkje er for fasttømra og dei utfordrar kvarandre rytmisk, som i Olle Adolphsons «En glad calypso om våren» og Povel Ramels «Ta av dig skorna». Like sterkt inntrykk gjer tolkinga deira av Michel Legrands «You Must Belive in Spring», men særleg Tommy Wolfs «Spring Can Really Hang You up the Most» har eit gripande vemod. Både introen til Carstensen og måten Andersen framfører temaet på, får det meste ut av denne perla av ein komposisjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement