Musikk

Varm og variert nintendomusikk

På Remutes nye album blir dundrande techno blanda med koselege Kraftwerk-referansar.

Remute i Nintendo 64-kassettformat.
Remute i Nintendo 64-kassettformat.
Publisert

TV-spelkonsollen Nintendo 64 kom ut i 1996, og den siste offisielle spelutgjevinga til maskina fann stad i 2002. Nyleg gav den tyske musikkprodusenten Remute ut det som skal vere det første musikkalbumet laga for avspeling på denne gamle duppeditten.

R64 er kan hende Remutes mest tilgjengelege album til no. «When A Thought Becomes A Weapon» er ein varm houselåt, «Your Church» er ein spretten tur til indre og ytre rom med høg setekomfort. Fleire av songane, til dømes «Superposition» med sin maskinelle vokalist, minner ein heil del om Kraftwerk og Yellow Magic Orchestras lyse, lette og leikne tidlige elektronika, medan «Out Of Time» er av det meir hardtslåande slaget.

I si reinaste form kjem R64 i Nintendo 64-kassettformat. Kassetten inneheld ikkje ferdig innspelt musikk, men eit digitalt partitur og eit ensemble av sample-instrument som spelar verket i sanntid kvar gong ein set inn kassetten og startar maskineriet. Albumet finst heldigvis òg på vinyl, vanlege nedlastingsformat og på streamingtenester, men spelkassettversjonen inneheld visuelt akkompagnement til maskinmusikken, ein hypnotisk glideflukt gjennom digitale landskap i retrofuturistisk stil som minner om kyberromsekvensane i sci-fi-filmen Landmower Man.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement