Musikk

Variert minimalisme

Einmal Immer inviterer oss inn i eit musikalsk eventyrland.

Øyvind Hegg-Lunde, Stephan Meidell og Espen Sommer Eide utgjer Einmal Immer.
Publisert

I mylderet av bergensband har denne trioen for min del gått under radaren. Dei har spelt saman i tolv år, og dette er platedebuten. Rett nok har desse tre musikarane profilerte roller i band som Erlend Apneseth Trio, Strings & Timpani, Building Instrument, Verdensteatret, Alog og Phonophani, men det var på tide at dette prosjektet fekk så pass prioritet at dei kunne gjera ferdig gode 42 minuttar musikk fordelte på seks komposisjonar.

Låtane er ikkje komponerte i tradisjonell forstand, men improviserte fram. Likevel er det tydeleg at trioen har sin metodikk. Røynslene frå timevis med samtalar og musisering i studio dannar grunnlaget. Musikken er svært variert og sjenerer seg ikkje for å servera stilistiske referansar i alle himmelretningar, men desse referansane er berre byggjeklossar, og det ferdige byggverket er Einmal Immer. Nokre av kutta kan stå i skarp kontrast til andre, men brot og kontrastar i det einskilde musikalske forløpet er ikkje god latin hjå trioen.

Dette er minimalistisk musikk frå første til siste kutt, men som før sagt går uttrykket i ulike retningar, og alle tre set heile vegen sitt preg på musikken. Med eit uttrykk lånt frå idretten må ein kunna karakterisera det kunstnarlege resultatet som ein lagsiger.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement