Bok

Vår store ukjende polfarar

Alle kjenner til Nansen og Amundsen, men få kjenner til Jens Munk og dei grufulle tinga han opplevde i isøydet.

Teikning som Jens Munk gjorde av overvintringa i Hudson Bay i 1619–20. Ho finst i boka Navigatio Septentrionalis frå 1624.
Teikning som Jens Munk gjorde av overvintringa i Hudson Bay i 1619–20. Ho finst i boka Navigatio Septentrionalis frå 1624.
Publisert Sist oppdatert

På denne tida i fjor var ikkje Trump eller covid-19 dei store temaa i norske medium, men Børge Ousland og Mike Horn. Dei hadde hamna i vanskar då skipet deira gjekk fast i drivisen i Polhavet. Bergingsaksjonen skapte store overskrifter i media, der omgrepet «polfarar» vart hyppig bruka – eit omgrep med positive, pirrande assosiasjonar. Her var jo nettopp etterfylgjarane til Nansen i aksjon. Eller var det det? Var Ouslund og Horn polfararar i den opphavlege tydinga av ordet?

Kva er eigentleg ein «polfarar»? «Deltager i polarekspedisjon», heiter det i Det Norske Akademis ordbok. Men så er ei andre tyding lagd til: «person (forsker, eventyrer) som tar seg frem til Nord- eller Sydpolen». Mediekjendisane høyrer til den siste kategorien. Ein ukjend polfarar det er større grunn å fordjupe seg i, er Jens Munk (1579–1628). Han høyrer til den fyrste tydinga. Han er kjend for freistnaden på å finne sjøvegen til Kina og India, gjennom Nordvestpassasjen, altså gjennom dagens Canada. Les du om kva Munk kom ut for, misser du munn og mæle. Ousland og Horn kan vi berre gløyme i denne samanhengen. Liketil opplevingane til Nansen og Amundsen blir barnemat i jamføring.

Dauden i isøydet

Munk er tema for ei ny bok: Jens Munk. Jakten på Nordvestpassasjen av Irene A. Ellefsen. Jens Munk var, slik som dei fleste av finare familie i Noreg i denne perioden, av danske røter, men var fødd i Noreg, i Arendal.

Det var ikkje få forventningar til sjøhelten Munk då han i 1619 fekk i oppdrag av kong Kristian 4. å finne Nordvestpassasjen. Munk fekk med seg to skip, begge med mannskap på til saman 67 mann. Men – som sagt – ferda enda i tragedie. Sjømennene måtte overvintre i Hudsonbukta. Då våren kom, var berre tre mann i live. Munk var ein av dei. Dei vart råka av sjømenns verste fiende: skjørbuk.

Ellefsen gjev ei grundig og skakande skildring av tragedien. Vi unner oss eit sitat: «Det var nesten ingen igjen som kunne pleie de syke. Kapteinen selv var kokk og sykepleier. Første april døde nevøen Erik Munk, hans eneste familie om bord. De gravla ham samme dag. Han fikk dele grav med Johan Petersen, annenstyrmannen fra Lamprenen, som hadde dødd dagen før.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement