Musikk

Vantar kontrastar

Eit spesielt instrument er ikkje nok for å gjera musiseringa interessant.

Michael Schönheit spelar på eit John Broadwood & Sons-hammarklaver frå 1805.
Michael Schönheit spelar på eit John Broadwood & Sons-hammarklaver frå 1805.
Publisert

Då barytonen Gotthold Schwarz pensjonerte seg frå kantorstillinga ved Thomas-kyrkja i Leipzig i fjor, var det som den 17. thomaskantoren etter J.S. Bach. På albumet Eine Liederreise blir Schwarz akkompagnert av ein annan rangsperson i Leipzigs musikkliv: Michael Schönheit, som er organisten til Gewandhausorchester, eit av Tysklands beste symfoniorkester.

Schönheit nyttar eit vakkert instrument, eit hammarflygel bygt i London i 1805 av John Broadwood & Sons. Det skil seg frå moderne konsertflygel gjennom lunare klang og litt metallisk lyd i anslaget. Men eit spesielt instrument er sjølvsagt ikkje nok for å gjera musiseringa interessant. Sjeldan maktar Schönheit å utnytta det klanglege potensialet i klaveret, for både dynamikk og artikulasjon vantar kontrastar. Han er ein god organist; eg har sjølv høyrt han live fleire gonger. Problemet er berre at han spelar som ein organist på flygelet.

Når det gjeld Schwarz, har han nok dei beste åra bak seg som songar. For ofte tyr han til djup vibrato for å stabilisera tonen. Men krafta i deklamasjonen er gripande, noko som gjer han verd å lytta til, særleg i dette repertoaret.

Fellesnemnaren

Albumet er i og for seg interessant. Ikkje ein komponist, men ein diktar utgjer her fellesnemnaren: Christian Fürchtegott Gellert (1715–1769), poeten, opplysningstidsfilosofen og professoren ved Universitetet i Leipzig som i 1757 gav ut Geistliche Lieder und Oden. Denne populære diktsamlinga, som freistar å sameina kristne tankar med opplysingstidas idear, blei tonesett av mange komponistar. Berre to av dei sju komponistane på plata er verkeleg kjende: J.S. Bachs son Carl Philipp Emmanuel Bach (1714–1788) og Ludwig van Beethoven (1770–1827).

Son til far sin

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement