Van i bokform
Røysta er Van Morrisons fremste instrument, og tekstane hans er for små partitur å rekne.
BØKER
Van Morrison:
Lit Up Inside
City Light Books
Når Lit Up Inside, eit utval tekstar av Van Morrison ved artisten sjølv som no er ute i bokform, opnar og endar i fødebyen Belfast, så framstår kompendiet som ei forteljing om rørsle og tilbakevending: Boka veks fram og ut av Belfast og endar til slutt der, som Eamonn Hughes peikar på i eit fint føreord. Det er som om ein imaginær by, dikta og mytologisert av Morrison, ekspanderer, slik at gata hans vert gata di gjennom songane. Dette var også det sentrale poenget i eit føredrag Frode Grytten, den fremste Morrison-tolkaren og -formidlaren her til lands, heldt i Bergen seint i haust.
Lit Up Inside inviterer til ein nylytt til det Morrison sjølv set høgast, for her er berre ein tredjedel av tekstane med. Men i sterkare grad enn for artistar som Dylan og Cohen må vi ha med musikken når vi går inn i dette universet med orda i fanget. Som Greil Marcus gjorde så klart i When That Rough God Goes Riding (2010), så er dei skrivne orda eit slags partitur for Morrisons fremste instrument, nemleg røysta hans: Når han syng, riv orda seg laus frå songen, skriv Marcus, dei vert til noko nytt og tek med seg songaren dit dei vil. Bøker som Marcus’, Lit Up Inside, og David Burkes fine A Sense of Wonder kan peike ut nokre haldepunkt og stoppestader og slik gjere reisa rikare – men den verda som er å finne i Van Morrisons songskatt, må lyttaren sjølv oppdage og fylle med sitt eige. Det er der magien ligg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.