Kunst
Van Gogh har ein dårleg dag
«Solnedgang ved Montmajour», 1888, privat eige.
I 1908 kjøpte ein norsk forretningsmann og kunstsamlar måleriet «Solnedgang ved Montmajour» av van Gogh (1853–1890). Tidleg vart det sådd tvil om bildet var ekte. Typisk for bilde ein fryktar er falske, vart det liggande på eit loft. Mange tiår seinare vart det funne att og sendt til Van Gogh-museet for autentifisering. Rett nok hadde van Gogh budd og arbeidd i Arles 1888–1889. Motivet var også eit karakteristisk landskapsmåleri med attkjennelege trekk frå staden, med ein kornåker og klosterruinar i horisonten. Måleriet vart likevel vurdert som falskt.
Først i 2013 vart det heilomvending. Etter to års undersøkingar slo Van Gogh-museet fast at dette var heil ved. Denne gongen hadde spesialistane teke i bruk nye og avanserte teknikkar for å granske måling og lerret, i tillegg vart det funne eit brev der kunstnaren skildra nettopp dette motivet. Det er særs sjeldan verk av kjende kunstnarar vert funne att. «Solnedgang ved Montmajour» er det første gjenoppdaga måleriet i full storleik av van Goghs verk sidan 1928.
Kvifor vart dette måleriet vurdert som falskt? Kan hende fordi det – til van Gogh å vere – er ganske slapt. I denne perioden skapte han nokre av dei beste verka sine, medan det er noko utolmodig, nærast slurvete over det skildra landskapet. Komposisjonen er tam, penselstrøka har ikkje den same intensiteten som vi ser i til dømes «Arles med irisar», som er måla same året.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.