Bok
Valdens lange skugge
Sveens tekst om ungdomar på flukt er som ein skrekkfilm.
Lars Petter Sveen har skrive romanen Fem skuggar som eit frittståande framhald av romanen Fem stjerner.
Foto: Tine Poppe
Når ein møter menneske som går under karakteristikken «unge, einslege asylsøkjarar», kan ein bli slått av motet og overlevingsevna deira. For mange av desse ungdomane er det eit under at dei greier seg så godt som dei gjer. Lars Petter Sveen har levert eit anstendig forsvarsskrift i ei tid der «immigrantar» så altfor ofte vert mistenkeleggjorde. Dette er bok nummer to om ei gruppe flyktande unge menneske, ei frittståande fortsetjing av Fem stjerner som kom i fjor. I båe romanane tvingar forfattaren oss til å sjå kva slags historier dei ber på, dei som tar den lange og farefulle ferda til oss her i det trygge og totalt framande nord.
Det fine med romanar er at ein kan gå djupare inn i materien enn massemedia vanlegvis evnar. Dessverre går Sveen i ei vanleg felle når ein har eit sterkt litterært program: Han smør for tjukt på. Ikkje slik å forstå at handlinga ikkje er truverdig. Røynda for dei som gjer slike reiser, er heilt sikkert minst så ille som det blir framstilt her. Men her, som på så mange område, gjeld regelen at for mykje av det gode – eller i dette tilfelle det vonde – ikkje er godt.
Aldri kome heim
Det handlar om fem ungdomar frå Somalia. Aisha og Said er syskenborn som vaks opp i same landsby. Ein dag kjem al-Shabaab og drep dei vaksne og tek med seg barn og unge til ein fangeleir. I leiren blir Aisha og Said kjende med tre andre unge som dei greier å flykte saman med. Desse tre har vakse opp i al-Shabaab-land og sjølve blitt tvinga til å gjere uhyrlege handlingar for å få behalde livet. Mishandla vart dei i alle høve, på grovaste vis.
Saman legg dei fem i veg mot Europa og Noreg, på ei farefull ferd med vald og terror. Forteljinga blir enda meir skrekkfilmaktig når personane blir så traumatiserte at dei fantaserer om lemlesta døde som går igjen blant dei.
Alle ungdomane får ordet etter tur gjennom boka. Slik blir vi kjende med eit breitt spekter av erfaringar, valden blir skildra både frå offersida og overgrepssida. Likevel blir heilskapen monoton. Alt det grufulle, alt mørket, gjer at den eine «skuggen» glid inn i den neste. Romanen greier ikkje heilt å bere stemmene til menneske som står ganske fjernt frå forfattaren sjølv, trass i all velvillig innlevingsevne. Sveen forsøker å løyse dette med eit poetisk farga språk. I nokre avsnitt lykkast han fint i å sameine det grufulle og det lyriske. Men særleg i dei mange dialogane blir grepet i overkant oppstylta og verkar kunstig lagt i munnen på ungdomane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.