Vakre og lærde bøker

I De lærdeste lægers urtegaarde møter vi ikkje berre fagre bøker, men vi blir òg kjende med europeisk farmasihistorie.

Utdrag av fyrstesida i «The Herball or Generall Historie of Plants» (1636) av John Gerard, ei av dei vakre bøkene som Ernst Bjerke presenterer
Utdrag av fyrstesida i «The Herball or Generall Historie of Plants» (1636) av John Gerard, ei av dei vakre bøkene som Ernst Bjerke presenterer
Publisert

Vi har vore gjennom ein rikhaldig bokhaust med titlar av kjende forfattarar på store forlagshus. Men det er verdt å gå på utforskingsferd utanfor den litterære allfarvegen, der kan ein støyte på litterære skattar. De lærdeste lægers urtegaarde er ein slik løyndom. Ernst Bjerke, som har doktorgrad i vitskapshistorie og er samlingsforvaltar ved Christiania Kathedralskolens bibliotek, har undersøkt bøker med farmasihistorisk emne i dette biblioteket. No er etterrøknadene hans festa på papir og gjevne ut.

Det er ei forunderleg bok som gjev lesarane smakebitar på både bokproduksjon i tidlegare tider, og på medisinar og urter som forfedrane våre tenkte var terapeutiske, frå mumia, som fanst i gravene til balsamerte menneske, til kvikksylvpiller.

Boksamlar

Kvifor er ei slik samling å finne på Oslo Katedralskole? Ikkje berre er biblioteket på skulen som vart skipa kring 1152, Noregs eldste bibliotek. Og ikkje berre gav skulen startpunkt for eit av dei fyrste apoteka våre: Svaneapoteket i 1628 vart skipa som ein konsekvens av at katedralskulen var utvida. Men her finst òg ei rikhaldig samling farmasibøker etter boksamlaren og farmasøyten Kjell-Erik Andersen (1942–2010).

Andersen var ein av Noregs fremste boksamlarar. Samlinga hans inneheldt om lag 2500 band – for det meste urtebøker, lækjebøker, farmakopar – rettleiingar for tilverking og bruk av lækjemiddel – og botaniske oppslagsverk.

Utvalet til Bjerke er basert på 93 dyrgripar frå denne samlinga. Bjerke har gått systematisk til verks. Utvalet femner verk som er representative for både europeisk, særleg skandinavisk, bokhistorie og farmasihistorie. Når det gjeld den fyrstnemnde raude tråden, presenterer Bjerke oss for såkalla inkunablar, bøker frå barndomen til prentekunsten, før han tek vegen til renessansen og opplysningstida, der det eine etter det andre praktverket blir vist fram. Her har lesarar med «dyp kjærlighet til boken» – ein karakteristikk Bjerke gjev Kjell-Erik Andersen – mykje å gle seg over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement