Vakkert, vondt og varmtDenne Cannes-vinnaren er eit nært og nyansert drama om tenåringen som vil bli ballerina og kvinne.

Denne Cannes-vinnaren er eit nært og nyansert drama om tenåringen som vil bli ballerina og kvinne.

Filmen om Lara (Victor Polster) er inspirert av ei sann historie.
Filmen om Lara (Victor Polster) er inspirert av ei sann historie.
Publisert

Den belgiske tenåringen Lara (Polster) har store ambisjonar og vil satse alt på å bli ballerina. Samstundes tar ho hormonkur og ventar på kjønnsoperasjon. Utfordringane Lara står overfor, er store. Heldigvis har ho ein støttande far (Worthalter) og ein skjønn liten bror (Bodart), og det verkar som helsevesenet er til hjelp.

Under huda

Innanfor realistiske rammer ber Girl eit poetisk uttrykk. Ljoset er dust, og heime gjerne dunkelt. Kameraet er nært, intimt og vart, og flyt tett på den intense på dansetreninga. Lyden er full av små detaljar, gjerne av suset rundt Laras stillferdige, stilige framtoning. Ho observerer oftast stille kva folk rundt ho seier og gjer.

Tenåringsmiljø kan vere harde. Vi kjenner uroa og tiltrekkinga Lara føler blant dei andre. Ho er annleis og står utanfor i vanskelege situasjonar. Figuren er truverdig som sta og utolmodig kjekk tenåring full av motsetningar. Livet står spent på vent. Kjensler og planar passar ikkje kroppen. Ikkje enno. Kampen om kroppen toppar seg på fleire vis. Fysisk fokus i puberteten er vanskeleg nok. Ein kjønnsoperasjon er ikkje risikofri. Ballettverda er òg hard. Krava er store. Å teipe tærne og ta hòl i øyra er ikkje det verste. Vår helt kan vere nådelaus mot eigen lekam. Ho høyrer mykje på andre, men kan òg velje å ta sjansar for å nå måla sine.

Over par

Hovudpersonen passar ikkje inn i tropen «tragisk transe», men det er nok motstand. Det kan vere vetle Milo som kallar ho Victor i sinne, eller umogelege amorøse eventyr. Uro og omsorg i den vetle familien er vakkert skildra. Klassekameratane har vore på ferie i Roma og Cannes, medan ho bur i blokk, men ho har ein trygg heim.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement