Teater

Vakkert visuelt show

Ei sanseoppleving for både høyrande og ikkje-høyrande.

Dansaren Håvard Kalseth og skodespelarem Per-Vidar Anfinnsen står på scena.
Dansaren Håvard Kalseth og skodespelarem Per-Vidar Anfinnsen står på scena.
Publisert

Tretti personar i eit rundt telt, dansaren Håvard Kalseth og skodespelaren Per Vidar G. Anfinnsen i manesjen. Ei framsyning med minimal dialog, framført som tale og teiknspråk, og med desto fleire «åtak» på andre delar av sanseapparatet.

Det dei to presenterer, er som ei skapingshistorie, ei forteljing om auget og synet, som kom til lenge før mennesket. I ei blanding av fakta og mytar tek dei oss med gjennom evolusjonshistoria, avbrote av spørsmål som: «Kva var det aller første menneskeauget såg?» Mykje blir ikkje sagt, men formidla visuelt på teltduken som omgir oss. Bileta er slåande, stundom som ein storm av sanseinntrykk. Stundom gir videoprojeksjonane kjensla av å vere inne i auget, andre tider kjenner vi oss omgjevne av havet eller universet. Og er det tale om skakande opplevingar, ja, så får vi kjenne det i form av vibrasjonar i stolryggen.

Dei to i manesjen er i stadig rørsle, kommuniserer, utfordrar kvarandre, formidlar og illustrerer kor viktig – og somme tider farleg – augekontakt er. Får fram stykkets tema: Kva betyr det å sjå og bli sett?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement