Bok

Vakkert om naust langs kysten

Naustlandet er ei opplysande og vakker bok om sentrale bygningar i kystkulturen vår frå eine landsenden til hin. Dei som hadde båt av tre, måtte ha hus til farkosten.

Naust på Litle Færøyna i Sogn og Fjordane.
Publisert Sist oppdatert

Nausta har vore heller lite påakta i tekstar om tradisjonelle hus i vårt land. Boka er først og fremst ein dokumentasjon i klare ord og talande bilete av mange naust og sjøhus frå aust i Finnmark til sør i Rogaland. Framstillinga er folkeleg – lett å lese. Dei fleste av slike hus som enno står, har fått vøling og vedlikehald etter at dei gjekk ut av tradisjonell bruk. Boka har med berre ein brøkdel av alle som var, seier Eva Røyrane, forfattaren. Dei eldste kom opp på 1500-talet, dei fleste etter 1800. Nokre få er freda. Nausta er materielle minne om livet langs våre strender då mange familiar livnærte seg med éin fot i båten og éin i åkeren, fiskarbøndene. Men naust og sjøhus er mellom dei kulturminna vi misser flest av kvart år, skriv riksantikvar Hanna Geiran i sitt føreord til boka.

Hus og stø

Ordet naust er det same no som i norrøn tid: eit hus for mindre båtar og fiskereiskapar. Frå bygningen og ned til sjøen ligg støa, der dei drog båtane opp. I boka står bygnings- og handverkskjennaren Jon Bojer Godal hardt på at naust utan ei stø er ikkje eit naust.

Støa var vilkåret for å gjere seg nytte av huset, dei er eitt. Båtane glei på stokkar – lunnar – liggande på tvers opp frå vatnet. På den eine sida eller begge ligg vorrar, låge murar eller steinar lødde i hop på anna vis. Nokre naust hadde eit hus like ved, ei bryggje. Det er steinmurar og eit trehus oppå til å handtere fisken og utrette ymse anna.

Den gode støa har fast grunn av sand og grus eller små, runde steinar. Ei strand av rette sorten fekk ofte lange rekkjer av naust ved sida av kvarandre. No er dei fleste lunnane og vorrane vekke. Dei mange bileta syner kor naturleg og vakkert dei la nausta i landskapet, innretta etter formene frå naturen. I Selje ligg dei som ein borgmur mellom kyrkja og havet. Litt variasjon i former og byggjematerial tek vekk det einsforma. Nye rekkjer av like store og nye ferienaust på planert underlag manglar slike kvalitetar.

Ein båt av bord, bundne saman med lindebast, fann dei i ei myr på Halsnøy i Kvinnherad i 1896. Han er datert til tida rundt år 400 etter Kristi fødsel, altså i jarnalderen. Dei har òg registrert over 800 store nausttufter frå gamle dagar, nokre frå dei første hundreåra av vår tidsrekning. Naust hadde vi før vi fekk lafta stovehus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement