Vakker vassfabelÅrets Oscar-favoritt er flott å sjå på og varmar hjarta.Drama / FantasyRegi: Guillermo del Toro
Årets Oscar-favoritt er flott å sjå på og varmar hjarta.
Sally Hawkins spelar rolla som den stumme reinhaldaren som forelskar seg i ein vassmann.
Foto: Kerry Hayes / Twentieth Century Fox
Elisa (Hawkins) jobbar som reinhaldsarbeidar på ein hemmeleg forskingsinstitusjon i Baltimore i 1962. Sidan ho er stum, står kollega Zelda (Spencer) for det meste av praten. Heime er det venn og teiknar Giles (Jenkins) som snakkar. Ein dag kjem ein ufyseleg offiser (Shannon) med eit mystisk vassvesen som vekkjer noko i Elisa. Vennskapen gryr, men paranoiaen i den kalde krigen trugar livet til den smarte, sære skapningen.
Figuren minner om vassmannen Abe Sapien frå Hellboy, men inspirasjonen er Den sorte lagune frå 1954. The Shape of Water er rik på filmhistoriske hint og nikk til regissør Guillermo del Toros eigen karriere tilbake til klokkeverka i Cronos (1993). Vi finn estetiske vink til populære Pans labyrint og ein vassparallell til Djevelens ryggrad. Som desse to er The Shape of Water ein personleg og politisk fabel. Polarisering pregar tida vår, veit meksikanaren.
Plettfri klipp og kamera gjer at filmen flyt framifrå. Han er heilstøypt. Blant dei tretten Oscar-nominasjonane finn vi med god grunn dei som har arbeidd med kostyme og produksjonsdesign. Dei har boltra seg med flotte fargar og former. Del Toro har alltid hatt stø hand om estetikken i filmar med fantastiske element. Ei solid rekke skodespelarar gjer òg sitt til at forteljinga sit godt, med Sally Hawkins i front som reine vasslilja.
Med The Shape of Water følger del Toro dei meksikanske kameratane sine Iñárritu og Cuarón i trekløveren som pressa i USA kallar Three Amigos. Alle har blitt nominerte til Oscar for beste film. Del Toro set støtt sitt særpreg på storproduksjonar for eit breitt publikum. No er han for alvor inne i varmen med ein film om utanforskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.