Bok
Vagabondar, Gud og små poetar
Novellene til Nescio er både eksotiske tidskapslar og aktuelle menneskeskildringar.
Verka til Nescio er alltid med når den beste nederlandske litteraturen gjennom tidene vert kåra.
Foto: Ukjend / Skald
Klassikarserien til Skald held fram, no med nederlendaren Jan Hendrik Frederik Grönloh (1882–1961), som skreiv under pseudonymet Nescio og berre gav ut nokre få noveller. Tre slike er å finna i den ferske Skald-boka Unge titanar.
Den første heiter «Snyltaren» og handlar mellom anna om ein mann som heiter Japi. Han vert observert av ein Koekebakker, som er eg-personen, ei forfattarspire som lever frå hand til munn i Amsterdam, i ein krins av omtrent like armodslege unge menn med korte oppturar, kunstnarlege ambisjonar og hang til sigarar.
Japi er ikkje som dei andre, han har ingen ambisjonar, og heller ingen moralske skruplar, han ser ikkje meining i å gjera noko, men lever gladeleg på andre, og minner ikkje så reint lite om figuren Harold Skimpole i Bleak House av Dickens, ein figur som var eit presist portrett av poeten Leigh Hunt.
Sjølvkritisk
Av dei andre i denne krinsen er målaren Bavink den mest interessante. Han er sjølvkritisk i ekstrem grad, og meiner at folk som faktisk kjøper måleria hans, ikkje kan ha peiling på kunst, noko ein kan kalla Groucho Marx-syndromet (sjølv om det eigentleg er henta frå eit essay om vitsen, av Freud): «Eg vil ikkje vera medlem av ein klubb som vil ha ein slik som meg som medlem.»
No vert Japi fanga av det naudsynte i livet, han lyt gje opp ein utsiktslaus karriere som vagabond, til han ein dag rett og slett stig av. Det vert sagt slik i novella, og det tykkjest korrekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.