Musikk

Væpna mann

Parodimesser er ingen spøk.

Konstantinopels fall i 1453. Fransk illustrasjon frå slutten av 1400-talet. Utsnitt.
Konstantinopels fall i 1453. Fransk illustrasjon frå slutten av 1400-talet. Utsnitt.
Publisert

Ordet «parodimesse» kan gje feil assosiasjonar. Ei messe er i musikksamanheng eit vokalverk der messeledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei dannar tekstgrunnlaget. Om «parodi» fortel ordboka at det er ei spottande etterlikning, ei karikering av eit kjent kunstverk eller herming etter ein person.

Men parodimessa er ingen spøk. Parodien går ut på at komponisten nytta ein alt eksisterande melodi som grunnlag for ei ny tonesetjing – gjerne ein verdsleg song som av lyttarane (som kjende den originale songteksten) blei tolka om i ein kristen samanheng.

Denne messetypen blei vanleg frå midten av 1400-talet. Komponistane nytta dei (verdslege) melodiane som cantus firmus («fast song») og komponerte sine eigne kunstferdige kontrapunkt (motstemmer) til.

To slike messer av renessansekomponisten Guillaume Dufay (ca. 1397–1474) blei spelte inn av ensemblet Cantica Symphonia i 2014. Noko av det finaste med plata er den spesielle klangen. Innspelinga blei gjord i ei høvande renessansekyrkje i den søritalienske regionen Puglia. Produsentane nytta berre eitt mikrofonpar, noko som får fram den naturleg linne og varme akustikken i kyrkjerommet, utan nemneverdig manipulering av lyden i etterkant.

Likkledet

Kven var så Guillaume Dufay? Han kom til verda i nærleiken av Brussel og soknar til den såkalla flamske skulen i musikksoga. Som si tids fremste europeiske komponist arbeidde han ved mange prestisjetunge hoff og viktige kyrkjer. Verka på albumet blei til medan han tente hjå hertug Ludvig av Savoie, i Chambéry, som den gongen var hovudstad i Savoie. (Området er i dag for det meste fransk, med grenser til Italia og Sveits.)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement