Teater
Uvedkomandesatirefarse
Samtidskommenterande tekst druknar i hopp og sprett.
Ekteparet som driv ein kakefabrikk på randa av konkurs, vert spelt av Olav Waastad og Mariann Saastad Ottesen.
Foto: Øyvind Eide
Wonderboyen i dansk teater, Christian Lollike, har òg markert seg i norsk teater i seinare år. Den fengslande framsyninga Revolusjon, som Nationaltheatret spela for fem år sidan, overtydde mange av oss om at her var ein teatermann som hadde både original form og substansielt innhald å levere. Sånt genererer forventningar.
Stykket Kakefabrikken, som Nationaltheatret no følgjer opp med på Torshovteateret, røskar ikkje tak i oss på same viset. Men denne gongen har heller ikkje dramatikaren sjølv sete i registolen. Skal tru kor ivareteke teksten hans eigentleg er?
Galenskap
I eit utspjåka, ikkje-realistisk handlingsunivers møter vi eit ektepar (Olav Waastad og Mariann Saastad Ottesen) som driv ein kakefabrikk på konkursens rand, omgjevne av eit knippe halvgalne rådgjevarar, blant dei ei muslimsk kvinne spela av ein mann (Ole Johan Skjelbred). Scenebiletet, eller rettare scenegolvet, er ein rund, grå platting som etter kvart vert ein kjempestor kakedeig.
Formelen realistisk grunnlag med surrealistisk utfall kjenner vi godt att frå dei absurdistiske klassikarane. Men dette var stykke som vanlegvis hadde ein dirrande, truande undertone. Ein slik tone kjem ikkje fram i regissør Runar Hodnes handsaming av Christian Lollike. Den eruptive galenskapen tek faktisk overhand og vert masete, der vi merkar at ein har strekt seg mot ein svartkomisk kommentar til krenkingstyranniet og dei nordeuropeiske kulturkollisjonane. Det får aldri verkeleg satirisk snert, og det utfordrar ikkje.
Ikkje på greip
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.