Kunst
Utstillinga Edvard Munch – Portretter utfordrar myten om den tilbaketrekte kunstnaren.
Men påstandar om å finne uoppdaga gull er underlege.
Portretta av nære vennar som Hans Jæger er særleg tilstadeverande. «Hans Jæger», 1889.
Silobygninga
var heilt sidan oppføringa i 1935 eit signalbygg og eit tidleg eksempel på norsk
funksjonalisme. Ho fungerte som kornsilo heilt fram til 2008, og etter ei spektakulær
ombygging opna Kunstsilo 11. mai 2024. I desember 2025 vann bygget den svært
prestisjefylte prisen «Verdens
vakreste museum 2025» i arkitekturkonkurransen Prix Versailles.
Her er verk frå tre faste
samlingar: Tangen-samlinga,
Sørlandssamlinga og Christianssands Billedgalleri. I tillegg kjem dei temporære
utstillingane, og ei av desse viser no eit utval av Munch sine portrett.
Dyrt
På Odderøya glitrar småbølgjene mellom kaia og
danskebåten, og det er ei ørlita antyding til varme i solstrålane. Vel inne i Kunstsilo får eg inntrykk av at dette raskt
har lukkast i å bli ein møtestad for folk i byen. Kaféen på bakkeplan er nesten
full, og i teiknerommet for barn er det livleg.
Inngangsprisen til sjølve
samlingane er merkeleg høg: 210 kroner per person. Både enkelbillett og årskort
ligg høgare enn til dømes på Nasjonalmuseet, og eg vil tru at mange forbipasserande
dermed vel å ikkje svinge nedom. For fastbuande fungerer nok årskortet på 899 kroner som ei grei løysing.
Den vakre vindeltrappa i tre gir meg kjensla av å
rusle oppover ein gigantisk konkylie. På første avsatsen ser eg etter eit teikn
på om Munch-utstillinga er der eller vidare oppover, men her er null
informasjon. Ei hyggeleg vakt fangar opp at eg er i villreie, og peikar vidare
rundt ein sving og inn ei dør der informasjonen står på ein vegg. Kvifor ikkje på trappeavsatsen?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.