Bok

Utmattande og interessant

iHuman vil vera grunnlag for gode diskusjonar, og så kan det diskuterast kor godt eg eigentleg likte filmen.

Framtidsvisjonen er deprimerande, skriv Brit Aksnes.
Framtidsvisjonen er deprimerande, skriv Brit Aksnes.
Publisert

Kjem me snart til å verta styrt av kunstig intelligens? Eller kanskje me er det allereie?

iHuman kjennest til tider meir som ein skrekkfilm enn ein teknologisk dokumentar. Eg får kjensla av at det nærast er flaks at robotane ikkje har teke over enno. Dei mange ekspertane som uttalar seg, er sjølve prov på at me er i ferd med å forska oss ut av eksistens.

Mykje av stoffet er for så vidt kjent, stilen er overdådig, overlest med lada musikk, og ekspertane er til tider nesten latterleg sjølvforherlegande og profetiske. Men det er grådig lekkert, for all del, og spennande stoff.

Det blir einast litt langdrygt til tider, litt mykje timelapse av motorvegar. Det kjem stadig dramatiske oppbyggingar som gjer at eg av og til tenkjer at filmen aldri tek slutt. Kanskje eg vert ekstra utmatta fordi dei er så deprimerande, dei framtidsvisjonane regissør Schei presenterer. Og så er det merkeleg å sjå ein forskar i fullt alvor seia at ein kan sjå på hovudforma til ein person kva legning ho eller han har. Då vert det til tider vanskeleg å heilt vita om eg lit på vitskapen som vert servert. Kanskje det er fake news? Ja, for ein kan i grunnen ikkje lita på noko lenger, og verre skal det bli.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement