Teater

Utanforskap i ei uforståande verd

Mette Brantzeg får mykje ut av eit enkelt stoff.

Ida Løken Valkeapää spelar alle rollene i stykket.
Ida Løken Valkeapää spelar alle rollene i stykket.
Publisert

Christina Chatarina Larsdotter (1819–1854), kjend som Stor-Stina, var 218 cm høg og vog 146 kilo da ho var 18 år. I ei tid då alt menneskeleg avvik var ein attraksjon på sirkus og ymse varietear, var ei samekvinne med slike mål sjølvsagt dobbelt eksotisk.

Framsyning

Ein tysk impresario greip tak i henne og baud 500 riksdalar i året som honorar for at han skulle få syne henne fram for ei måpande verd. Stina ville sjå litt av verda og sa ja, også fordi ho då kunne betale gjelda foreldra henne hadde hos den lokale kjøpmannen.

Dette kan høyrast ut som første verset i ei skillingsvise. Og litt skillingsvisepreg har òg framsyninga, med sitt fine musikkfølgje. Men Stina hadde bein i nasen og lèt seg ikkje diktere av tyskaren. Då ho fann kjærleiken, men impresarioen hadde andre planar for henne, stakk ho av og tok sjølv styringa over livet sitt.

Maksimalt utnytta

Mette Brantzeg har laga ei svært god framsyning av det enkle stoffet. Og Ida Løken Valkeapää gjer det maksimale ut av materialet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement