Utanfor vinnarsporet

Tette tekstar som inviterer lesaren til å dikta med.

Line Madsen Simenstad debuterer med novellesamlinga.
Line Madsen Simenstad debuterer med novellesamlinga.
Publisert

Biografiar skriv ein gjerne om personar som har fått så mykje merksemd at dei ikkje treng nokon biografi. Er dei i live når boka kjem ut, er biografien helst ei hylling, medan biletet er meir variert når hovudpersonen ligg i grava. Fiksjonsprosaen, derimot, vert som regel best når han handlar om slike som ikkje ligg an til nokon Heime hjå-reportasje i vekeblada, og ofte er dette mest tydeleg i novellekunsten. Debutboka til Line Madsen Simenstad, novellesamlinga Dronning Maud Land, held seg stødig og sikkert til ein slik føremålsparagraf, eller poetikk. Her møter lesaren folk utanfor det sosiale vinnarsporet. Dei har ikkje mange å tru seg til, ressursane er knappe og framtida ser ikkje særleg lys ut. Men dei lever då vidare, i det minste dei fleste av dei.

Mental tilstand

I den første novella, «Rød kjempe», sit ei kvinne, Karen, ved senga til faren. Han ligg på det siste, og prøver å ordna opp i slike småsaker som enno kan engasjera han, til dømes kva for songar han vil ha i gravferda si. Karen er på si side mest oppteken av å slå fast at alt er i orden med henne. Når ho tek seg ein drink, eller tenkjer på å gjera det, meiner ho heile tida at ho hadde gjort det annleis om ho hadde vore alkoholikar. Teksten presenterer ingen korrigerande instans, det er opp til lesaren å finna argument som eventuelt kunne ha vore til hjelp for Karen. Situasjonen er elles trist nok, og forfattaren har funne ein god metafor for den døyande, det er han som er den raude kjempa, eit omgrep frå astrofysikken. Vanlegvis ser ein gjerne for seg eitkvart innskrumpa når ein høyrer om eit dødsleie, men Simenstad har her skildra den mentale tilstanden, det som flyt ut, slik ein stundom ser det i den siste livsfasen til ei sol.

Indirekte metode

Den beste novella i boka, tittelnovella, som dessutan er den desidert lengste, handlar om ei ung mor og gutungen hennar, han er fem år gamal. Det er mogleg at mora heiter Annie. Kor som er, har ho tatt sonen ut or barnehagen, ho er heime med han nesten heile tida, dei går sjeldan ut og har minimal kontakt med andre folk. No og då ringjer det på døra, ukjende nummer kjem til syne på displayet på mobiltelefonen til den unge mora, og lesaren kjenner på seg at barnevernet er alarmert. Ein undrar seg litt over korleis dei to i indre eksil har råd til å leva, om mora har ein jobb, til dømes. Teksten nemner fleire jobbar ho har hatt tidlegare, men ingen ho har no, forfattaren skriv altså med atterhald, her får ein nesten ingen opplysningar. Likevel er novella engasjerande og spennande, for ein veit jo at røynda, som er eit synonym for samfunnet, ventar der ute, ingen er heilt privat, i alle høve ikkje ein person med foreldreansvar. Noko kjem til å skje, eller, som Jon Fosse hadde sagt: Nokon kjem til å komma. For om ikkje det skjer, veit ein også dette: Nokon kjem til å gå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement