Bok
Utan sjelefred
Steinar Opstads første roman er solid handverk.
Lyrikaren Steinar Opstad debuterer som romanforfattar.
Foto: Ida Gøytil
Sidan debuten med Tavler og bud i 1996, har Steinar Opstad konsekvent halde seg til lyrikken med i alt ti diktsamlingar pluss dikt i utval i 2006. I 2016 kom Arbeid og drøm – dikt 1996-2016. Tretti år etter debuten kjem så den første romanen. Det verkar som han arbeider målretta og ryddig i 10-årsbolkar.
Tørkesommer er ein oppvekstroman lagt til Opstads heimetrakter, Stokke i Vestfold, og i tid plassert til seint 1960-tal, tidleg 1970-tal gjennom tidsmarkørar som atomfrykt, romfart, Sven Ingvars og lyrikaren Harald Sverdrup (1923-1992) som budde i Stokke på den tida. Ja, Sverdrup er skrive inn i romanen som karakteren Henrik Midtbøen, den lokale lyrikaren som stadig var å høyre i «Ønskediktet», «og det var forfattaren sjølv som las».
Handlinga er lagt til den fiktive bygda Vestre Spån, og i sentrum står familien Buvin der yngstemann Snorre på tolv år fører ordet. Faren er grisebonde. På nabogarden Håvin driv dei med kyr, og det gamle kulturlandskapet med innmark og utmark, gamle husmannsplassar og nedlagte bruk er også skrive inn i teksten.
Snorre går siste året på grendeskolen med i alt 21 elevar. I klassen hans er dei seks, og dei som står han nærast, er Evelyn og Thorvald. Dei er i tidleg pubertet og nysgjerrige og eksperimenterande i forhold til kropp og kjønn. Dessutan er Snorre forvirra og usikker på om han er gut eller jente, og dei feminine trekka ved han blir sjølvsagt lagt merke til og kommentert i ord og brutal handling.
Sommaren er uvanleg varm, og badeplassen i Vaderudvannet eller Sjelefreden som bonden Rolleiv på nabogarden kallar det, blir flittig brukt. Nokon sjelefred blir det ikkje for Snorre etter at Rolleiv har forgripe seg på han, og når mora blir innlagt og når faren har eit alkoholproblem, blir det fort for mykje å bere på for Snorre.
Opstad skildrar ein gut som er vár for alt og alle rundt seg, observant, tenksam og med eit religiøst sinn samtidig som han registrerer eit visst forfall der støv og skitt dominerer, døde fluer, spindelvev, grisemøkk som han stadig må spa bort, stanken som riv i nasen. Han vil bort frå dette, men kor hen. Han drøymer om englar, han drøymer om å bli prest, og sidan han ikkje har odel, står han fritt i å velje vegen vidare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.