Bok

Utan mål og meining

Hos Gerald Murnane er lediggang rota til alt godt.

Gerald Murnane er ein australsk forfattar som debuterte i 1974.
Publisert Sist oppdatert

Australske Gerald Murnane er «ein løyndom blant litteraturkjennarar», står det på innbrettssida av Samlagets utgiving av Slettene, som Jon Fosse har omsett. Eg reknar meg sjølv som ein litteraturkjennar, men meg gav denne boka lite.

Allereie epigrafen provoserer. Thomas Livingstone Mitchell var mannen som «oppdaga» dei vidstrekte slettene i Innlands-Australia og ville kalle det «Australia Felix», det lykkelege Australia: «Vi hadde til sist oppdaga eit land som utan vidare var klart til å ta imot det siviliserte mennesket…»

Jaså, her var folketomt, altså? Nei, slett ikkje. Ei heil verd med ulike folkegrupper hadde halde til her i 50.000 år, folk med rike mytar og heilt særeigne forteljingar, språk og levevis. Men dei kvalifiserte nok ikkje som «siviliserte» menneske. Av den grunn tykte mange kvite som kom til Australia på 1700-talet, at det var i orden at urfolket vart massakrert og borna deira stolne, slik at dei aller rikaste av dei kunne få plass til sine enorme gods og vidstrekte polobaner. Det var ikkje til særleg hell og lykke for urfolket at britane kom til landet deira.

Dette er ingen løyndom, og det gir meg dårleg smak i munnen når eg les Slettene. Om noko skapar forakt for europeisk og kolonialt levevis rundt om i verda, så må det vere bøker som denne.

Navleskoding

Boka opnar med at vi møter den namnlause eg-forteljaren når han kjem til det indre av Australia for å studere «slettemennene» (også namnlause) og leveviset deira på dei enorme godsa. Han veit det er vanskeleg å få innpass, mange har forsøkt før han. Mennene på godsa tiltrekkjer seg kunstnarar, men berre svært få kvalifiserer, i deira auga, til verkeleg å få innpass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement