Klassisk
 

Ut av uføret

«Kona mi har drege, det er slutt på sløsinga», skreiv Telemann i 1736.
 

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om Georg Philipp Telemann var ein av dei flittigaste og mest forretningsdyktige komponistane i musikksoga, hindra det han ikkje i nesten å gå dundrande konkurs i 1735. Som musikkdirektør i Hamburg hadde denne Tysklands mest populære komponist tent store summar på tingingsverk og dirigentoppdrag og dessutan på å gje ut eigne verk på eige noteforlag.

Men så kom det altså for ein dag at kona Maria Catharina i løynd leid av spelegalskap og hadde sett seg i skuld med ein uhorveleg sum av 5000 riksdalar. Til samanlikning: Som leiar av Hamburgs operahus tente Telemann 300 riksdalar i året. Då skandalen blei offentleg, valde han å skilja seg, truleg med ekteskapsbrot som grunngjeving. Eit rykte, som det vel å merka ikkje finst prov på, sa at ho også stod i med ein svensk militæroffiser.

Febril raptus

«Kona mi har drege, det er slutt på sløsinga», skreiv Telemann i eit brev i 1736, same året som han publiserte VI Ouvertures à 4 ou 6. Ho var flytt attende til heimbyen Frankfurt am Main, han stod att med spelegjelda. Men takka vere ein innsamlingsaksjon i regi av Hamburgs borgarar og ein mest febril komposisjonsraptus gjorde han seg atter skuldfri.

Desse seks verka som L’Orfeo Barockorchester her har spelt inn, er typiske for Telemanns innteningstaktikk. For å få mest mogleg avsetning på notane, er nemleg stykka – suitar som er sette saman av ein ouverture fylgd av seks dansesatsar – komponerte slik at dei kan spelast med ulike typar instrument og ensemblestorleikar. I minste format lèt dei seg realisera med berre tre strykarar og cembalo, og i det største av fullt barokkorkester med høvesvis to oboar, blokkfløyter, horn og fagottar, i tillegg til strykarar. På plata får me høyra det sistnemnde, noko som skaper fin klangvariasjon.

Kranglefantar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement