Usikker oppvekst og identitetSarah Zahid har skrive viktige debutantdikt om fleirkulturell oppvekst i Noreg.
Sarah Zahid har skrive viktige debutantdikt om fleirkulturell oppvekst i Noreg.
Sarah Zahid debuterer som forfattar med diktsamlinga.
Foto: Heidi Furre
For mange vil det vere ei viktig diktbok den norsk-pakistanske debutanten Sarah Zahid, fødd 1997, har skrive. I diktboka med den lange tittelen La oss aldri glemme hvor godt det kan være å leve kjem ei ung røyst til orde; ho fortel om oppveksten på Holmlia i Oslo. Gjennom forteljande, episodiske riss følgjer lesaren Sarah gjennom dei ulike fasane og den aukande sosiale aksjonsradiusen hennar: familien, blokka, skulen, byen.
Oppvekst
Hovudmotivet i dikta er oppvekst. Temaet dreier seg om roller og kryssande kulturelle identitetar. Skiljet her går mellom utlending og nordmann, i tillegg finst også klasse- og generasjonsskilje som Sarah manøvrerer mellom.
I dikta finst ein lengt etter å etablere eit blikk som ser alt utanfrå. I opningsdiktet vaknar eg-personen etter ei natt i ballbingen utanfor blokka, i eit anna dikt er ein også utanfor blokka om natta: «det er ikke før du har stått om natta/ utenfor en grå Holmlia-blokk/ under våkne stjerner/ uten kjøtt og blod/ navnløs og udødelig/ at du er i likevekt». Dette punktet er ein stad bortanfor motsetnadane, der ein slepp å ta stilling, der ein berre er observatør.
Gnissingar og problem, særlig knytt til framtida, eksisterer i dette universet, men likevel er dikta forbausande harmoniske. Etter dansk-palestinaren Yahja Hassans diktbok Yahja Hassan, som var rebelsk og konfronterande i tonen, vil mykje stå fram som veltilpassa. Kanskje botnar det i det harmoniske inntrykket av Zahids dikt – at dei er meir opptekne av å skildre eit mogleg rom der livet kan bli utfalda og levd.
Identitet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.