Film

USA går under

Skrekkstjerna Ari Aster slit med å samle moro og alvor mellom det samansette og enkle i ny satire.
 

Sheriff Joe Cross strevar med sitt både heime og på jobb i småbyen Eddington.
Publisert Sist oppdatert

I mai 2020 vil ikkje den astmatiske sheriffen Joe Cross (Phoenix) i den søvnige småbyen Eddington i New Mexico i USA bruke munnbind. Eit typisk oppdrag er då den lokale huslause drankaren hamrar på døra til baren som ordførar Ted Garcia (Pascal) driv. Forholda er små, men Garcia planlegg eit digert datasenter utanfor sentrum. Etter ein krangel kunngjer Cross at han stiller som ordførarkandidat ved det kommande valet. Straks etter drep politiet George Floyd i Minneapolis, og demonstrasjonar tek av i heile landet. Alt eskalerer i Eddington òg.

Mykje av mykje

USA er splitta og slit med mykje og mangt. Regissør Ari Aster vil ha med det meste. Konspirasjonar, rasisme, black lives matter, antifa, politivald, covid, terror, våpenkultur og meir til. Brått køyrer Cross rundt med skilt om at Garcia jobbar for Bill Gates. Det er mykje kjensler og lite fornuft. Det gradvis aukande konfliktnivået får ein brå oppsving med eit drap. Ein kan kalle det eit tippepunkt.

Diverre kjennest det ikkje truverdig, sjølv i ein satire der ting skal vere sett på spissen.

Kvar samtale er eit slit. Ingen forstår kvarandre. Alle gjer alt feil. Filmen er rett nok ganske stillfaren i stilen, ei god stund. Blandinga av humor, mørkt drama og thriller har òg strukturar og bilete frå western. Det peikar på at USA nærmar seg eit nytt Ville Vesten.

Tydeleg tale

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement