Bok
Upresist om Noreg som annleisland
Forfattarane er ikkje tydelege nok på kva mekanismar som gjer at utanlandske impulsar skapar store ringverknader i norsk politikk.
Boka tek til med den mest krevjande krisa i det norske demokratiet, då Det norske Arbeidarparti like etter fyrste verdskrig var eit revolusjonært klassekampparti, proletariatets diktatur inspirert av den russiske revolusjonen. Ved Stortingsvalet i 1918 fekk partiet 32 prosent av røystene. Kvar tredje nordmann røysta med andre ord for å kaste det liberale demokratiet.
Den revolusjonære retorikken til arbeidarrørsla skremde dei borgarlege partia og gav næring til nasjonalistiske straumdrag på høgresida i norsk politikk. Framveksten av Fedrelandslaget, Samfunnsvernet og Nasjonal Samling i 1930-åra var del av denne utviklinga, som kulminerte med Vidkun Quislings statskupp i april 1940.
Nye utfordringar
Etter andre verdskrig kom nye utfordringar frå det revolusjonære venstre. Fyrst frå det NKP som trufast fylgde Stalins pragmatiske lineskifte – både då han samarbeidde med dei tyske nazistane, og då han samarbeidde med dei amerikanske demokratane. Dinest frå maoistane i AKP-m-l, som slo ut i full totalitær blom rundt 1970. Begge kommunistpartia var kritikarar av Noregs nære tilknyting til USA. Åtaka deira på Noregs liberaldemokratiske styresett var slik sett ein refleks av dei internasjonale spenningane i tida.
Dinest tek boka føre seg den nynazistiske utfordringa som voks fram i 1980- og 1990-åra. Sørensen og Brandal legg vekt på at det Noreg har hatt av valdeleg ekstremisme, har kome frå høgrenasjonalistiske miljø. I 1990-åra gjennomgjekk dei høgreradikale miljøa mutasjonar som dreidde dei i retning av innvandringsmotstand og kamp mot politisk islam.
Boka tek til slutt for seg den radikale islamismen, som representerer ein ny type utfordring. For medan tidlegare motstandarar – både frå det ytste venstre og frå det ekstreme høgre – forankra argumenta sine i verdiar frå opplysningstida og knytte seg opp mot tradisjonelle norske normer, hentar islamistane motiv frå ein framand religion.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.