Musikk
Unikt duosamarbeid
To sterke personlegdomar er på bølgelengd.
At den amerikanske pianisten Fred Hersch før eller seinare skulle finna saman med den 16 år eldre italienske trompetaren og flygelhornisten Enrico Rava, høyrest så sjølvsagt ut. At det skulle skje med Manfred Eicher som produsent, er like lite overraskande. Plata The Song Is You etterlèt seg eit inntrykk av at noko uunngåeleg har funne stad. I den prislønte sjølvbiografien Good Things happen slowly seier Hersch om duosamarbeid: «Ein må vera kompatibel, men også ulik nok slik at den enkelte kan bidra med noko unikt.» Plata er eit samanhengande prov på akkurat denne hypotesen.
Dei har spelt inn fem klassikarar og levert ein originalkomposisjon kvar, og så har dei improvisert fram eit stykke i studio, men valet av repertoar opplever ein ikkje som vesentleg, fordi det er dialogen som trekkjer til seg det meste av merksemda. Det er sjølvsagt spanande å høyra kva dei to får ut av George Bassmans «I’m Getting Sentimental over You», Jerome Kerns «The Song Is You» eller «Misterioso» av Thelonius Monk, men det er utfordringane dei gjev kvarandre, og korleis dei svarar på desse, som fascinerer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.