Ung amerikansk dikting på norsk
Felles for fleire i antologien er viljen til å trekkja moderne teknologi og media djupt inn i diktinga.
Roque Rachel Salas Rivera er poet, omsetjar og redaktør, og ein av poetane i antologien.
Foto: Poetry Foundation
Dikt
Mathias R. Samuelsen og Rune F. Hjemås (red.):
Ny amerikansk poesi 2
Ulike omsetjarar
Samlaget
Vi lever i ei krisetid, seiest det i dag. Som det har vore sagt før. Litteraturen er i ei krise, seier dei som skjønar seg på det. Som det òg har vore sagt før. Men er det ikkje slik at litteraturen har det kritiske i seg som noko vesentleg og overskrid tid og rom?
Redaktørane av den nye antologien er nok klar over dette, men perspektivet deira er meir politisk og samfunnsretta når dei tek føre seg åtte yngre amerikanske samtidspoetar som ifølgje dei har det til felles at «poesien deira på ein eller annan måte er forma av aktivisme og systemkritikk».
Språkmaterialisme
Utanforskapen er eit samlande perspektiv for antologien. Til dømes er Orlando White diné, det vil seia navahoindianar. Men same kva dei stammar frå, har dei tileigna seg eit høglitterært modernistisk språk som er like stovereint i dagens USA som i resten av verda.
White er språkmaterialist: «Alt eg skriv, er avhengig av dette: Alfabet.»
Det er tydeleg at dei åtte diktarane er minst like språkmedvitne som politisk medvitne. Om dette er paradoksalt, veit eg ikkje. Men det språklege tek i alle høve stor plass i antologien, kanskje for stor. White igjen: «Knekk ei setning; bruk bokstavar som tenner.»
Den amerikanske sosiologen W.E.B. Du Bois, av afroamerikansk opphav, prega omgrepet «double-consciousness», dobbelt medvit, for å skildra korleis afroamerikanarar heile tida har eit medvit om seg sjølve som gode amerikanarar, men samstundes som farga, og difor som noko «framandt». Alt i 1903 skreiv han at «the problem of the Twentieth Century is the problem of the color-line».
Absolutt moderne
Roque Raquel Salas Rivera, fødd i Puerto Rico i 1985, viser at det doble som Du Bois festa til omgrep, enno er ein levande røyndom for mange i USA. Rivera har til og med gjort det tospråklege til ei politisk dygd, ettersom hen like gjerne skriv og les opp på spansk som på engelsk.
Skrifta er djupt politisk: «kvar gong du skriv DØD OVER KOLONISTANE,/ blir ein gyllen coqui-frosk fødd». Nettopp Rivera er ein av dei mest spanande diktarane i antologien. Hen skriv store dikt som får meldaren til å minnast Walt Whitmans Leaves of Grass. Felles for fleire i antologien er viljen til å trekkja moderne teknologi og medium djupt inn i diktinga. Eg trur det var den grensesprengjande diktaren Arthur Rimbaud som sa at det er naudsynt å vera absolutt moderne. Og det er ein framifrå karakteristikk av Ny amerikansk poesi 2.
Kjetil Berthelsen
Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?