Teater

Underhaldande, men uklart

Dikkedokken er stadsspesifikt teater i eit eventyrleg rikt miljø, men ei historie med dårleg samanheng.
 

Stig Amdam i rolla som industriherren Wilhelm Fosswinckel og Susann Bugge Kambestad som Amanda Fosswinckel i framsyninga som går føre seg i Hallen på USF Verftet.
Publisert Sist oppdatert

Knapt nokon er betre enn deWangen-produksjoner til å lage teater i gamle industrihallar eller andre bygg som ikkje lenger tener det opphavlege formålet. Men igjen ser vi at dei er betre til å utnytte omgivnadene – som i denne oppsetjinga byr på eit praktfullt handlingsrom – enn til å sy saman ei godt fungerande historie.

Medan Den Nationale Scenes vakre jugendstilbygning blir rehabilitert, jaktar teateret på stadig nye stader å spele framsyningane sine på. No er turen komen til Kjødehallen, ein gammal industri- og verkstadhall som lenge har stått tom, men med verkstad, maskinar og teknisk utstyr, kontor, ei leilegheit og styrerom intakt. Det ligg mellom Dikkedokken, eit tidlegare skipsverft, og den gamle sardinfabrikken USF, som i dag er eit vitalt kulturhus på Nordnes i Bergen.

Ulike historier

Inn i dette miljøet har forfattarane plassert familien Fosswinckel, som ikkje hadde noko med skipsverftet å gjere, men som gjennom den tyskfødde kjøpmannen Johan Fredrik Fosswinckel etablerte og markerte seg i Bergen på 1700-talet. No er vi i samtida og blir vikla inn i ei fiktiv historie om ein nokså dysfunksjonell familie som ber på fleire løyndommar som dårleg toler dagslys. Men då pater familias, den mangfaldige og svært autoritære industriherren Wilhelm Fosswinckel (Stig Amdam), døyr, raknar det meste, og det blir klart at verksemda står på randa av konkurs.

Det publikum, delt i fem grupper, så blir teke med på gjennom to timar vandreteater frå rom til rom i fleire etasjar, er eigentleg ulike historier som ikkje heng så godt saman at dei utgjer ein heilskap – om ein ser bort frå at alt er knytt til medlemmer av denne familien. Kvar har si historie å fortelje, om kjærleik og svik, eit ukjent drap, ei dotter fødd utanfor ekteskap og så vidare.

Langt på veg verkar det òg som om kvar etappe byrjar på nytt, ikkje som eit framhald av den førre. At den «døde» Wilhelm stundom dukkar opp – dels i «undikken», dels i bjørnedrakt – opplever eg som mindre problematisk. Mykje av framsyninga er episodisk og fragmentarisk. For ytterlegare å forsterke det blir publikum gitt høve til å ta seg tid i verkstaden til å sjå nærmare på den eventyrlege mengda av verktøy, teikningar, støvete permar og anna som ligg der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement