Bok

Under ei heildekkande kappe

Soudabeh Alishahi skildrar ein krevjande røyndom i Iran.

Soudabeh Alishahi kom til Oslo som fribyforfattar i 2001.
Soudabeh Alishahi kom til Oslo som fribyforfattar i 2001.
Publisert

Fribyforfattarordninga er organisert gjennom organisasjonen International Cities of Refuge Network (ICORN) og inneber at forfølgde forfattarar, journalistar og kunstnarar skal finne ly og tryggleik ein stad der dei kan ta opp att arbeidet sitt.

Iranske Soudabeh Alishahi var Oslos første fribyforfattar og kom hit i 2001. Ordninga er sjølvsagt viktig for dei som kjem hit, mange av dei ville venteleg ikkje ha vore i live elles. Skrifter frå desse forfattarane kan dessutan gje viktige bidrag til vår eigen bokheim. En vakker dag er ei bok med vesentleg tematikk, men litterært sett er ikkje romanen vellykka.

Krig og brutale levevilkår går mange stader verst ut over kvinner, Iran er ikkje noko unnatak. For 40 år sidan kasta den såkalla «revolusjonen» ut sjahen og sette inn ayatollaar som øvste mynde for landet. Livet vart endra radikalt og aller mest for kvinnene, som vart pålagde å bere den heildekkande svarte chadoren. Dei gjekk frå å ha hatt liv som var relativt frie og moderne til å bli heilt usynlege. Det går hardt ut over identitet og generell livsglede. Brot på innskrenkande forordningar blei og blir brutalt slått ned på. Iran er framleis lysår frå demokrati.

Krig og undertrykking

En vakker dag skildrar livet i tida frå dei politiske omveltingane og under den brutale krigen mot Irak som starta året etter, i 1980. Ungjenta Afra bur med mora som er enke og utan utdanning. Dei har dårleg råd, og krigen pregar kvardagen. Afra blir gravid, må gifte seg for å få innvilga abort og så skilje seg att. Livet blir noko betre når ho får jobb hos ein lege som ho snart forelskar seg i og sidan gifter seg med. Aldersforskjellen er stor, Nasir har vore gift før og har to døtrer som alt er vaksne – eller snart vaksne.

Kronologien i denne boka er til tider ganske forvirrande. Ulike tidsplan blir kasta om på, på eit vis som verkar umotivert. Dette er eitt av fleire trekk ved romanen som gjer at lesinga av han blir ein heller anstrengande affære.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement