Umerkelege vendepunkt Thor byr på ein fascinerande kombinasjon av det lette og det tunge.DIKTThor :
Thor Sørheim byr på ein fascinerande kombinasjon av det lette og det tunge.
Thor Sørheim har skrive tolv diktsamlingar.
Foto: May B. Langhelle
Thor Sørheim debuterte som poet i 1974. Ser ein attende på rekkja av tolv diktbøker som har kome frå handa hans, har miljø- og naturvern vore tematiske omdreiingspunkt som har strøymt gjennom lyrikken hans. I Det faller så lett kan ein òg skimta ein økopoetisk tendens, til dømes i diktet «Jordfall» der han «fortøyer framtida/ i vannets prognoser». Sørheim har forresten også vore ein snedig trafikk(kritikk)diktar, det finst tre–fire trafikkdikt i denne samlinga.
Fallmotiv
Dei nya dikta slynger seg langsamt. Dei undersøker fallet, alt frå syndefallet, fossen og vasshjulet, via snø- og regnfallet til gravitasjonskreftene. Til og med eit piggsvin kan innskrivast i fallmotivet: «Et lite pinnsvin vralter over gårdsplassen/ i skumringen med børsten i været/ for at himmelen ikke skal falle/ skitten til jorda.»
Dikta til Sørheim er beherska av ei ettertenksam ro, eller, for å tjuvlåne Milan Kunderas boktittel, ein uuthaldeleg lette. Eit balanse- eller vippepunkt, eit mogleg omslag, eit kritisk augeblikk, som trugar å skiple den herskande ordenen, vert nennsamt og umerkeleg innbakt i dikta. På ordnivå og på overflata leikar poeten seg med likskapar i ordlyden, og det er nokså klart kva ord ein kan assosierer til når poeten skriv at «flukten/ søker dekning i selvutløsende katakomber».
Alvor
I titteldiktet vert eit barndomsminne om mora som klipper i eit tekstil, stilt skarpt. Dei klipte delane fell «så lett» til kvar si side av saksa. Det ser lett ut, men handlaget byggjer på trening, slit og feiling. Utanfor fell regnet tungt. Brått vert ein assosiasjon til ein jødisk nabogut som blei henta av politiet, umerkeleg fletta inn, utan brot. Interessant er det at rytmen og diksjonen er like lettfota gjennom heile diktet. Dissonansen slår ikkje inn i forma.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.