Ulikskap for alle
Filmatiseringa av braksuksessen til Thomas Piketty er ein heisatur av ein historietime.
Frå traileren til dokumentarfilmen basert på boka til Thomas Piketty.
Forfattaren sjølv er med på manuset til ein intens film som ligg på SF Anytime / Viaplay. Trådane i den tjukke boka er samla i ein film på lagom lengde med tallause synsinntrykk og ein talestraum frå forskarar og skribentar som formar forteljinga om den økonomiske historia som har skapt verda i dag.
Hardkøyr
Filmen opnar med fransk føydalisme og revolusjon. Han fyk vidare til det industrialiserte Storbritannia på 1800-talet og inn i den første verdskrigen med påfølgjande USA-sentrert verdsøkonomi. Dei engelskspråklege dominerer filmen, med franske Piketty som unntak. Slik blir filmen prega av perspektiv som anglofile nordmenn er vane med. Vi får eit fint knippe intervjuobjekt. I tillegg til store namn som Francis Fukuyama og Joseph Stiglitz er Kate Williams, Suresh Naidu og Rana Foroohar nokre av fagfolka med god formidlingsevne som får ordet.
Visuelt tyr filmen lite til trauste talande hovud. Filmklipp og arkivfoto bombarderer oss effektfullt, men nokre animasjonar er overflødige. Drivet er drygt, men godt. Ein bør stille med konsentrasjonsevne og notatblokk. Historietimen er kjekk. Som dokumentarfilm slektar han på Spirit of ‘45 av Ken Loach og Inequality for All av Jacob Kornbluth, båe frå 2013.
Historisk rim
Eg spolerer neppe spenninga om eg avslørar at Ronald Reagan og Margaret Thatcher er skurkar. Det mest oppsiktsvekkjande for meg var eksperimenta til åtferdspsykologen Paul Riff, som med Monopol viser kor kjipe vi alle blir av tilfeldig rikdom. Urovekkjande er det òg å høyre Foroohar frå Financial Times seie om Tyskland på trettitalet at Hitler skulle gjera Tyskland storslage igjen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.