Musikk

Ukunstla

For Mozart var det enkle ofte det beste.

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) måla av P.A. Lorenzoni i 1763 (utsnitt).
Publisert Sist oppdatert

Christian Ihle Hadland byrjar her albumserien som skal femna heile Wolfgang Amadeus Mozarts produksjon for soloklaver. Eg har fylgt denne pianisten frå Stavanger i mange år no, noko som vanskeleg lèt seg unngå om ein frekventerer klassiske konsertar i Noreg nokolunde jamt. Prisverdig er innsatsen hans for å fremja norske 1900-talskomponistar; særleg kveldskonsertane med slike på Troldhaugen under Festspillene har eg tydeleg i minne.

Men i grunnen har Hadland alltid slått meg som den ideelle Mozart-tolkaren. Den medvitne artikulasjonen og klårtenkte fraseringa, dei små og stundom skjemtfulle vriane på detaljnivå – slikt gjev liv og karakter til ein komponist som makta å rista mest irriterande perfekte melodiar ut or ermet.

Femåring

Volum 1 inneheld fire sonatar og fire småstykke. Mozart komponerte sine fyrste klaverstykke som femåring, men sjølv om menuetten i G-dur (spor 4) ber opusnummeret 1, er det nok ikkje det aller eldste. Uansett: Menuetten gjev oss eit inntrykk av korleis vedunderbarnet evna å fylla regelbundne former med musikalsk innhald.

«Det enkle er ofte det beste» er slagordet til REMA 1000. Devisa kunne vore Mozart si òg – sjølv om ein ved nærare ettersyn sjølvsagt innser at komposisjonane ikkje er så enkle likevel. Men instinktet hans for songlege melodiar med harmoniske proporsjonar gjev inntrykk av noko enkelt.

Musikalsk motor

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement