Musikk
Ukategoriske gode greier
Barkers kosmiske klangar får sjela til å logre i oddetakt med dei der ukjente kjente greiene.
Stochastic Drift har med endring i gjennomsnittet i tilfeldige prosessar å gjere, og albumet er utgjeve på det tidlegare flekkefjordske plateselskapet Smalltown Supersound og signert Barker, som tyder bjeffar – eller gøyr, slik som hundar ofte gjer.
Albumet går rett på sak med algoritmeaktige soniske kvantesprang i mikrotonale sfærar. Eg tel til fem, mogelegvis over seks, men takt- og toneart viser seg fort å vere relativt irrelevant. Her er det flytande, svevande tramping opp ei kaleidoskopisk trapp til himmelrike eller der i området som står på agendaen.
I løpet av spor to kollapsar det analytiske apparatet mitt. Eg vaknar opp litt uti spor fem, «Positive Disintegration», som igjen går opp i høgare einingar av uhøyrd syntetisk velklang, jazztrommer og djupe cymbalar konjugerer med kontante synth-anslag og eit galneheie av fredsæl disharmoni og støy.
Kall det IDM, euforisk dansemusikk, ambient, elektrojazz, neo-new age – det er som musikken seier at kategoriar tyder så mykje som ingenting. Lat oss seie at vi glanar ut over landskapet som sklir forbi togsetet. Er den eine skogen finare enn det andre fjellet? Det er rart å tenkje, på starten av sjettesporet «Cosmic Microwave», sidan eg tenkjer, går intensiteten ned att og så blir den kosmiske lydsuppa kokt opp att atter ein gong.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.