Uinfridde forventningarNår utviklinga i norsk jordbruk går i motsett retning av måla, er det då trass i eller på grunn av jordbrukspolitikken ein har valt å føre?
Når utviklinga i norsk jordbruk går i motsett retning av måla, er det då trass i eller på grunn av jordbrukspolitikken ein har valt å føre?
Kyr på sommarbeite, lukkeleg uvitande om diskusjonen kring handlingsrommet i jordbrukspolitikken.
Frank May
Spørsmålet handlar om kva som er handlingsrommet i norsk jordbrukspolitikk, om kva som kan gjerast. Boka Norsk jordbrukspolitikk – handlingsrom i endring har som ambisjon å klargjere nettopp dette handlingsrommet.
Temaet er i seg sjølv svært viktig for jordbruksdebatten. Dei som hevdar at handlingsrommet i jordbrukspolitikken er lite, kan påstå at norsk jordbrukspolitikk er ein suksess – det ein får til, er det som er råd å gjennomføre. Viss handlingsrommet derimot blir framstilt som stort, er det mykje som kan gjerast. Då er interessa vesentleg større for kva slags jordbrukspolitikk som faktisk blir ført.
To lyspunkt
Så til boka. Det er to lyspunkt i denne boka på 290 sider med 15 kapittel. Det eine er Klaus Mittenzweis bidrag om handlingsrommet i tollvernet. Mittenzweis slår hol på myten som jordbruksleiinga tviheld på: at det ikkje går an å auke produsentprisar innanfor gjeldande handlingsrom i tollvernet. Mittenzwei viser at handlingsrommet til å auke produsentprisane til norske bønder, ikkje blir brukte.
Det andre er Unni Kjærnes’ kapittel om forbrukarrolla i jordbrukspolitikken. Kjærnes peikar på maktperspektivet, på historiske utviklingstrekk, på tilhøvet mellom forbrukarane og teoriar om frie marknader og på korleis politikken verkar på kva som kan veljast, og ho synleggjer det openberre paradokset i at di meir ein snakkar om forbrukarane i matpolitikken, di mindre har dei som regel å seie.
Elles er boka prega av å vere skriven for spesielt interesserte. Underteikna er i denne kategorien, men eg synest like fullt det er krevjande å skilje mellom relevante og irrelevante opplysningar i mylderet av detaljar som blir diskuterte i boka. Potensialet for tematikken som ligg i boktittelen, er vesentleg større enn det som blir realisert i sjølve boka. Boka speglar i liten grad kunnskapsnivået og fokuset i jordbruksdebatten slik han går føre seg i dag. Det overdrivne behovet for referere til tidlegare departementsråd i Landbruksdepartementet Per Harald Grue som kjelde, blir eit parodisk eksempel på kor snevert ein tenkjer «handlingsrom» i forskarkrinsane i jordbruket. Særleg når ingen nemner Grues omdiskuterte rolle i norsk jordbrukspolitikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.