Film

Uhyggelege gufs frå fortida

Hjemsøkt er eit psykologisk førjulsmareritt bada i norsk vinterlandskap.

Synnøve Macody Lund og Ebba Steenstrup Såheim i skrekkfilmen der Carl Christian Raabe debuterer som regissør.
Synnøve Macody Lund og Ebba Steenstrup Såheim i skrekkfilmen der Carl Christian Raabe debuterer som regissør.
Publisert

Når faren døyr, må Cathrine (Macody Lund) dra tilbake til barndomsheimen for å ordne opp i dødsbuet. Misforholdet mellom den pertentlege leilegheita på Frogner til den forfalne herregarden på landet, speglar også Cathrines psyke. I møte med fortida må nemleg den inneslutta og kalde Cathrine ta innover seg eit barndomstraume ho heile livet har skove framfor seg.

Hjemsøkt er ein psykologisk skrekkfilm bada i norsk vinterlandskap. Manuset er skrive av Maja Lunde (Bienes historie), medan regissøren, Carl Christian Raabe, lagar sin første spelefilm. Begge landar godt. Stemninga er uhyggeleg heile vegen gjennom. Dører går opp, skuggar passerer hurtig og ekle skrik set seg i ryggmergen.

Synnøve Macody Lund er god i si første hovudrolle. Ho evnar å få fram nyansane mellom skrekk og psykologi. Å grave i fortida er skummelt, kanskje det skumlaste vi gjer. Like fullt er det nødvendig for at Cathrine til slutt skal bli eit meir heilt – og vel – varmt menneske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement