Bok
Ufullstendig forteljing
At Tore Rem ikkje gjer meir ut av det rike stoffet han har samla, er underleg.
Kong Haakon og kronprins Olav spring i dekning i Nybergsund 11. april 1940.
Foto: NTB
«Krigen skulle bli hans historiske øyeblikk», skriv Tore Rem i byrjinga av andre band i sin biografi om den daverande kronprinsen som seinare blei kong Olav V. Det var under krigsåra at Olav la grunnlaget for sitt seinare virke som «folkekonge», ved at han som kronprins endeleg fekk konkrete, relevante oppgåver, og at han vaks og modna inn i rolla som vart pålagd han som tronfølgjar.
Fram til krigen braut laus i og med det tyske overfallet den 9. april 1940, hadde «[h]ans viktigste oppgave (…) vært å holde seg i live», skriv Rem, og gjer det også klart at den virke- og stridslystne kronprinsen godt kunne ha tenkt seg å gjere ein innsats mykje nærare fronten enn det han blei tillate av så vel sin far kong Haakon VII som av general Ruge og regjeringa Nygaardsvold.
Under bomberegnet som følgde kongen og kronprinsen medan dei flykta nordover med dei forfølgjande tyske styrkane i hælane, viste Olav god evne til å halde hovudet kaldt og til å halde humøret oppe sjølv når det røynde på som verst. Slikt vert naturlig nok lagt merke til, og for nordmenn som gjennomlevde disse dramatiske dagane og åra, vart kronprinsen raskt eit symbol for samhald, motstand og kampvilje.
Vondskap
Denne respekten verkar også å ha gått andre vegen, og etter å ha opplevd krigsherjingane i Noreg våren 1940, skreiv Olav i eit brev til studiekameraten Archibald MacDougall at krig faktisk ikkje er det verste ein kan oppleve, at det finst vonde og vondskap som ein må kjempa kompromisslaust imot med alle middel, sjølv om det kostar. Det er dette krigen eigentleg handlar om, ser han ut til å meine, og legg til at grunnlaget for alt menneskeleg samfunn finst i prinsippa om «sannhet, rettferd» og «grunnleggende likhet».
Det er slett ikkje gitt at ein kongeson oppvaksen med alle tenkjelege privilegium når fram til ei slik erkjenning, men alle kronprins Olavs kjende ord og handlingar frå den dramatiske krigstida tyder på at dette ikkje berre var noko han tok opp i eit privat brev, men også meinte var ein sanning han kunne basere si eiga rolle på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.