Uberekneleg klokskap

Samlinga Skogkyss inneheld døds- og kjærleiksdikt med ironiske snuar og snertar.

Publisert

Hans Sandes dikt røskar og riv i vaneførestillingane våre. På umiskjenneleg vis kombinerer dikta eit ope blikk med burlesk humor, galskap og ømheit.

Forfattaren har sjølv illustrert Skogkyss med grove og enkle broderi. Snur ein boka, vil ein finne baksida av eit broderi, med eit virvar av trådar, knutar og fargar. Desse dikta snur også om på språket, tinga og tilværet og syner oss på tvisynt vis livets fram- og baksider.

Syndefallsbok

Skogkyss er ei syndefallsbok: Ho nøyer seg ikkje berre med å ete av kunnskapens tre, ho tek for seg av heile skogen. Det slår ein at det særleg er skjæret av vemod, grå alderdom, endetidstankar, nedvokster og reinodla daud som strålar frå desse korthogne dikta. Men det må òg seiast at dikta programmatisk vender om, snur perspektiva og slik gjer overraskande, beiske, humørfylte og dumme funn: «Kven av oss vil daue først / og vri seg unna sorga». Høg alderdom er ikkje berre einstonig grå, han kan fyllast av kjærleik, seksualitet og svartsjuke. Men sjølv om ein har nådd eit stykke opp i livshøgda, går ikkje livet eller kjærleiken naudsynleg opp i ei høgare meditativ eining: «Eg stikk pinnen inn i gamle glør / og rotar rundt / Grå røyk stig opp / men ingen eld vi kan varme oss på».

Blømande villskap

I den siste bolken i boka, som har fått den ironiske tittelen «Mindfullness», spring formeleg trådane frå dei andre bolkane saman og lyftar seg utover ein- og tosemdas snevre introspeksjon. Perspektivet vert utvida til jordas økologiske krisetilstand, slik som i dikta «Gråtesnø» og i «Hardangersaum». Men også flyktningkrisa vert det dikta om, der den skinheilage retorikken vert avslørt: «Flyktningane er velkomne til landet vårt / men ikkje til denne enden av bygda // Flyktningane kan få lære å snakke norsk / så sant dei snakkar det skikkeleg.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement