Tvil og tru i tonar

Å opna med ei dødsmesse var eit dristig val av Festspillene i Bergen.

Publisert Sist oppdatert

Opningskonsert

Hector Berlioz:

Grande messe des morts

Bergen Filharmoniske Orkester; Eikanger-Bjørsvik musikklag; Edvard Grieg Kor; Bergen Filharmoniske kor, m.fl.; Bror Magnus Tødenes, tenor; dir.: Edward Gardner. Grieghallen i Bergen, onsdag 23. mai.

Ved fyrste augekast er det mykje som skurrar med denne ideen: Kan ei katolsk dødsmesse, komponert av ein agnostikar, fungera som festleg opningskonsert for Festspillene i Bergen? Eg lyt vedgå at eg var skeptisk då eg gjekk inn i den fullsette Grieghallen onsdag kveld. Men då eit kraftig utvida Bergen Filharmoniske Orkester kom på scena, varte det ikkje lenge før eg var overtydd, både om tanken bak programmet og den kunstnarlege realiseringa av det.

Dette er elles fyrste gongen eg har opplevd at det blei delt ut øyreproppar ved inngangen til salen – «det kan bli litt høgt lydnivå innimellom», blei det opplyst. Kva for eit klassisk verk er det som krev høyrselsvern, ein remedie som i konsertsamanheng er noko ein helst assosierer med tungrock? Det er Berlioz’ «Rekviem», der ljomande domedagsbasunar og hyla frå tapte sjeler overlèt lite til fantasien. Banebrytande instrumentering Hector Berlioz er den viktigaste av dei franske romantikarane, ein komponist som komponerte annleis enn alle andre, noko som kan førast attende til utdaninga hans – eller mangel på slik. For då han kom til Paris som 17-åring, var det lege han skulle bli, og han hadde lite musikalsk førehandskunnskap. Ulikt dei fleste komponistar i samtida, kunne han ikkje spela klaver. Det vil seia: Han kunne nok litt, men han var ikkje nokon konsertpianist eller -organist, som brorparten av kollegaane hans. Dei fleste komponistar utarbeidde fyrst kompositoriske idear og strukturar ved flygelet. I andre omgang «orkestrerte» dei, dei fordelte ideane og strukturane på dei ulike orkesterinstrumenta i partituret. Difor ber mykje orkestermusikk preg av å vera «pianistisk tenkt».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement