Musikk
Tverrpersonleg technokorsong
Björks tiande er ein Alice i Eventyrland-aktig gravetur gjennom jordsmonn og det umedvitne.
Björk er ute med album nummer ti.
Fossora er den islandske artisten Björks tiande studioalbum, og gildet opnar med låten «Atopos», skrive og produsert i samarbeid med indonesiske Gabber Modus Operandi. Tittelen refererer til filosofen Roland Barthes idé om det atopiske, den underlege kvaliteten som oppstår kring usedvanlege opplevingar eller kjensler, og komposisjonen læt, med sine seks bassklarinettar og hardtechno-basstrommer, nøyaktig som eit alveskulekorps.
Albumet har ein trippy, psykedelisk og psykoanalytisk kvalitet over seg, og undergrunnen står sentralt. På «Mycelia» syng eit effektspekka kor, og kor dominerer òg sporet som følgjer, «Sorrowful Soil»; det første har ein eigen, integrert, slutta, nettverksaktig kvalitet, det andre er meir mangefasettert og utflytande, slik jordsmonnet gjerne er. Her eksisterer akustikk, tradisjonelle kor og elektroniske effektar side om side, dei vert blanda saman.
Det er forunderleg korleis Fossora fluktuerer mellom det private, transpersonlege og fellesskaplege, men innimellom stikk lyrikk med overtydeleg 2020-tals massemediepreg seg ut og pressar seg på på intenst vagt vis – teksten på «Ancenstress» svingar nonchalant innom legeforakt, «Fungal City» prøver å vere altfor smart om det trøytte omgrepet «polarisering», «Victimhood» er på same tid for vag og for tydeleg om sensitiv tematikk, og det er ikkje godt å seie kva Björk eigentleg meiner om offer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.