JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Tur til Polen 5.

Olav H. Hauge-dagbøkene: Vêret var godt, so me såg mykje frå flyet. Polen er eit underleg land.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2220
20240531
2220
20240531

1. mai 1979: Mykje stas i Warsawa i dag. Dei måtte ha stræva heile natti. Buer av stillas og presenningar var komne upp rundt i heile byen. Der kunde folk kjøpa snop, frukt, sjokolade, appelsinar, leikety o.s.b. Ballongar i alle fargar og storleikar nappa i vinden, for det bles friskt, – elles var det fint vêr. Skulane kom marsjerande i tette rekkjor, alle i sine uniformer, fargane kunde vera so ulike på dei ymse skular eller klassar.

Me fekk oss ei drosje og køyrde ut til den flyplassen der utanlandske fly landar og tek av, for lokaltrafikk er eigen flyplass, der laut me då me fauk til Krakow den dagen.

Vêret var godt, so me såg mykje frå flyet. Polen er eit underleg land. Skogteigar, gardar, grender, landsbyar; so gardar som ligg for seg sjølv att, so landsbyar att, og rutor og stripor av åkrar, engjer – eit endelaust lappeteppe; her og kvar ein liten innsjø, ei elv som svingar seg i seige krokar gjenom landskapet.

Det breider seg ut til alle sidor, stundom i heilt flate endelause slettor, so i lange, låge åsdrag med flate dalar, ja det er so mykje det bryt i den disblåe augnesyni.

Men rotut, rotut, ja so rotute tun har eg aldri set, høns, ender kakla i alle tun. Dei gjer framleis mest alt arbeidet med hestehjelp. Store staslege hestar, helst raude på let. På dei store kollektivgardane brukte dei traktorar.

Danmark er seg sjølv likt. Å sitja og sjå ned på dette dokkelandet, so velordna og fint, er eit syn. Der er orden. Og so fint dei steller jordi! Åkrane var pløgde og horva og sådde.

So dukkar då skjeri våre upp. Og alle krokane og krærne, små jordlappar, einslege gardar, elvar, vatn og snart fjelli med snø.

For tri år sidan, den 1. mai, kom me frå England. Då blakra flaggi friskt frå tårni og husi i Fana og i Bergen. I dag berre nokre få flagg uppe. Såg ikkje ut til at arbeidarane bryr seg med å hissa flagg heller, dei har visst misst trui på 1. mai. Ikkje noko fres yver Bergen heller. Såg berre ein full mann.

Ja, ja, i Warsawa var dei byrja å festa i går kveld. Nokre fulle folk kunde ein sjå. Elles drikk visst polakkane ikkje so grovt som russarane, segjest det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

Alle foto: Frank Furseth

KunstMeldingar

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

Eva Furseth

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis